Opplevingsfestivalen: korleis blir reiselivet i Møre og Romsdal i framtida?

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer aktørar innan reiseliv, lokalmat, aktivitetar, festivalar, kunst, hotell, transport og andre opplevingsnæringar i Møre og Romsdal til opplevingsfestival i Molde 23. og 24. september.

Skriv ut

Den raude tråden på årets festival er framtidas reiseliv i Møre og Romsdal, der digitalisering og berekraft er tema.

Sjekk ut programmet og meld deg på

Du kan blant anna sjå fram til dette: 

  • Eirik Norman Hansen, ekspert på digitalisering vil leie oss gjennom desse to dagane, og han vil i tillegg halde det svært så underhaldande framtidsforedraget: Eksponensiell utvikling og hyperadopsjon»
  • Yngvar Wilhelmsen, kjend som «hypokonderlegen frå Bergen». Han kjem med foredraget «(Reise)livet er eit usikkert prosjekt».
  • Sofasamtale der destinasjonsselskapa i Møre og Romsdal og Audun Pettersen frå Innovasjon Norge blir utfordra på temaet berekraft
  • Bærekrafteventyreren Sveinung Jørgensen lovar både fagleg og inspirerande tankar om berekraft
  • Bli med Linda Løvfall på ei opplevingsrik SoMe-reise

-Festivalen er ein viktig møteplass for alle som er tilknytta opplevingsnæringane. Vi kan freiste med dyktige og inspirerande innleiarar og god stemning, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Lillian Sæther, som håpar på rekordoppslutning i år.

Opplevingsfestvalen er ein del av satsinga Reiseliv, mat og kultur.

Kontakt: prosjektleiar Monica Elin Mohr Gjesdahl, mobil 40008590 | monica@2469reiselivsutvikling.no