Oppmodar til sjekk av gjerde langs fylkesvegane

Møre og Romsdal fylkeskommune oppmodar grunneigarar med gjerde lags fylkesvegane til å ta ein sjekk av gjerda sine. Det gjer kantslåtten lettare og det blir tryggare for trafikantane.

Skriv ut

Entreprenørane er i gang med kantslåtten langs fylkesvegane. I løpet av ein sesong blir kantane på dei fleste fylkesvegane slått 1-2 gonger, avhengig av kva vegetasjon det er og kor stor trafikk det er på vegen. 

- Vi opplever dessverre ganske ofte at vi ikkje kjem til for å slå vegkantane fordi det er plassert gjerde for tett på vegen. Øydelagde gjerder, stålstrengar og gjerdenett i vegkanten kan også bli farlege prosjektil om dei kjem inn i slåmaskina. Det er det ingen som ønskjer, difor ber vi naboane våre sjekke gjerda sine, seier seksjonsleiar for vegdrift Torgeir Bye i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Trafikktryggleik og miljø

Det er fleire grunner til at vegkantane blir slått. Sikten langs vegen blir betre og det hindrar viltpåkøyrslar. Kantane blir også slått for å hindre spreiing av framande artar som veks kraftig og kveler det som veks naturleg i vegkanten.

Mange hindringar i vegkanten gjer også at entreprenørane må bruke meir tid på vegen. Det gir meir hindring for trafikken og i verste fall farlege forbikøyringar. Ein sjekk av gjerdet er difor også eit viktig bidrag til trafikktryggleiken.  

Får øydelagt utstyr

Kvart år opplever entreprenørane å få øydelagt utstyr av restar av gamle gjerder i vegkanten.  

- Det er ofte mindre underentreprenørar som slår vegkantane. For dei kan mange og kostbare reparasjonar gi store økonomiske konsekvensar for bedrifta. Vi treng både mindre og store entreprenørar for å drifte fylkesvegane. Ein gjerdesjekk er difor spesielt viktig dei mindre entreprenørane, fortel Torgeir Bye.

Kva reglar gjeld?

•    Reglane står i forskrift om gjerde ved offentleg veg. 
•    I forskrifta står det mellom anna at gjerde skal ha forsvarleg vedlikehald, stolpane skal stå vertikalt og at nett og ståltråd skal vere godt stramma. Piggtrådgjerde er ikkje lov.
•    Det skal ikkje stå gjerde innanfor eigedomsgrensa til vegen og aldri nærare vegkanten (kvitstripa) enn tre meter. 
 

 

Kontakt