Opprettheld kravet om at divisjonsleiing i Statens vegvesen vert lagt til fylket

Fylkesutvalet vedtok i dag ein felles uttale der divisjonsleiing i Statens Vegvesen vert krevd lagt til fylket. Utvalet ber samtidig om eit snarleg møte med samferdselsminister Jon Georg Dale.

Skriv ut

I uttalen som vert sendt samferdselsministeren og Vegdirektoratet står det:

Møre og Romsdal krev divisjonsleiing i Statens vegvesen lagt til fylket.

Fylkesutvalet syner til sin uttale frå 25. februar i år om framtidig lokalisering, oppgåver og tilsette i Statens Vegvesen i Møre og Romsdal. Her vektlegg fylkesutvalet at divisjonsleiinga i ein av dei seks føreslegne divisjonane blir lagt til samferdselsfylket Møre og Romsdal.

Fylkesutvalet kan derfor ikkje akseptere at ingen av dei seks divisjonsleiingane blir foreslått lagt til Møre og Romsdal i innstillinga frå Vegdirektøren som kom 20. mai.

Møre og Romsdal har ei underdekking av statlege arbeidsplassar innanfor dei aller fleste statlege etatsområde. Statens Vegvesen har vore eit unntak, ved at Møre og Romsdal og Molde i 2003 vart tildelt hovudkontorfunksjonen for Statens vegvesen Region Midt. Fylket har i dag eit spesielt sterkt fagmiljø på veg- og samferdselsområdet og er slik spesielt godt eigna til å vere vertskap for ei divisjonsleiing. I tillegg kjem Regjeringa sine eigne retningsliner for lokalisering av statlege arbeidsplassar som ledd i ein aktiv distrikts- og regionalpolitikk, der ein i Granavolden-erklæringa mellom anna slår fast at nye offentlege kompetansearbeidsplassar skal lokaliserast også utanfor dei største byane.

Møre og Romsdal er uroa over den trenden ein synes å sjå at statleg verksemd i hovudsak blir lokalisert til dei store landsdelsentra som Tromsø, Trondheim og Bergen. Det er ikkje mogleg å oppretthalde ei likeverdig fordeling av makt og statlege arbeidsplassar over heile landet dersom denne utviklinga held fram.

Fylkesutvalet vil derfor be om eit snarleg møte med samferdselsministeren for å framføre våre synspunkt i denne saka.

Trafikkstasjonane kan oppretthaldast gjennom ambulante tenester

Som ledd i omorganiseringa av Statens vegvesen, er det også utarbeidd forslag til ny struktur og endra tenester innanfor trafikant- og køyretøyområdet (trafikkstasjonane). Endeleg utforming av struktur og tenesteleveransemodell skal ligge føre og vere igangsett 1. juni 2020.

Fylkesutvalet har merka seg at ei rekke tenester blir digitale, men at fleire tenester også vidare vil krevje frammøte på trafikkstasjonane. Eit eksempel på ei slik teneste er kontroll av tyngre køyretøy. Næringslivet har lagt dagens struktur for køyretøykontroll til grunn for betydelege investeringar i nye anlegg. Færre stader for køyretøykontroll vil føre med seg store ekstrakostnadar for næringsaktørar knytt til produksjon, ombygging og import og sal av køyretøy.

Fylkesutvalet vil utfordre Statens vegvesen til å oppretthalde dagens struktur, men at fleire tenester kan gjerast til ambulante og digitale tenester. Det vil seie at tenestemenn heller kan oppsøke dei ulike lokasjonane enn at publikum og næringsaktørane innan feltet i stort grad må reise – dels over større avstandar – for å få desse viktige tenestene i framtida.