Over ein milliard lokale kroner frå bygginga av Nordøyvegen

1,16 milliardar kroner frå Møre og Romsdal fylkeskommune si investering i Nordøyvegen har gått inn i den lokale økonomien i byggeperioden. Det lokale næringslivet ser også lyst på framtida med fastlandssamband.

Skriv ut

Det viser ei evaluering som er gjennomført av Concreto på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Skanska er hovudentreprenør på Nordøyvegen med ein kontraktssum på 3,2 mrd. kr eks. mva. 859 mill. kr av desse har gått til avtalar med lokale underentreprenørar. I tillegg kjem 40 mill. kr i lokale innkjøp og ca. 53 mill. kr i lønn til lokalt tilsette. Totalt utgjer dette 952 mill. kr.

Komplett næringsliv

- Nordøyvegen er eit prosjekt med undersjøisk tunneldriving, masseflytting, vegbygging og plasstøpte betongkonstruksjonar. Det er ein marknad der lokale og nasjonale leverandørar har høg kompetanse, kapasitet og konkurranseevne. I tillegg har vi eit komplett næringsliv på Sunnmøre, der entreprenørane enkelt får tak i kompetanse og tenester. Det er truleg den viktigaste grunnen til at det ligg store verdiar igjen lokalt etter bygginga, seier prosjektleiar Marianne Nærø i Møre og Romsdal fylkeskommune

Vekst og kompetanse

Undersøkinga viser at dei lokale underentreprenørane også  har opplevd vekst i byggeperioden. Halvparten av dei har auka bemanninga med lokale, fast tilsette. Kvar tredje har utvida maskinparken. Dei melder om utvida nettverk, samarbeid og auka kompetanse. Nordøyvegen er også eit viktig referanseprosjekt i kampen om nye kontraktar.

Alle underentreprenørane har også gjort innkjøp av varer og tenester for å løyse oppgåvene side. Undersøkinga tyder på at ein større del av innkjøpa er gjort i lokalt næringsliv.

Arbeidsplassar og kompetansemiljø

Frå ferdig reguleringsplan i 2013 til mai 2022 har også 208,6 millionar kroner i byggherrekostnadar som til dømes prosjektering og byggeleiing gått inn i den lokale økonomien. Det gjeld ikkje berre løn til tilsette i Møre og Romsdal, men også til dømes 18,6 millionar kroner i anleggsbidrag til nettselskapa som forsyner øyane med straum.

Næringslivet har tru på framtida

- Ei spørjeundersøking som vart gjennomført som ein del av evalueringa viser at det lokale næringslivet  er positive til fastlandssambandet. Nordøyane er ein viktig industriregion, der døgnope samband er viktig for å  lette frakta av råvarer, tenester, tilsette og det ferdige produktet. Det vil  bidra til meir effektiv produksjon og distribusjon. Å knyte saman øyane og fastlandet kan også lette samarbeidet mellom bedrifter på tvers av geografi, og betre tilgangen på arbeidskraft og kompetanse, seier næringssjef Hilde Aspås.

Reiseliv

I intervju med reiselivsaktørane, kjem det fram at det er tru på at Nordøyvegen vil bidra til auka turisme i regionen.

- Kysten har store moglegheiter for turisme og reiseliv, men for å utnytte desse moglegheitene og verdiskapingspotensialet, må det bli lagt til rette for aktivitetar og attraksjonar. Her må destinasjonsselskapet og lokale bedrifter og aktørar samarbeide og utvikle tilbod som gjer området attraktivt. Fylkeskommunen vil medverke til dette, seier næringssjef Hilde Aspås.

Fagseminar 17. august

Møre og Romsdal fylkeskommune og Haram nærings- og innovasjonsforum inviterer til eit fagseminar på ID Huset i Brattvåg der resultata frå rapporten blir presentert onsdag 17. august 2022. Her vil også fleire av dei involverte bedriftene fortelje korleis det lokale næringslivet kan gjere seg attraktive i andre store utbyggingsprosjekt.

Dokumenter

Kontakt