Pipelife Norge AS vart heidra av fylkestinget

Pipelife Norge AS fekk i dag overrekt fylkesprisen årets bedrift ved opninga av fylkestinget. Pipelife Norge AS fekk prisen for satsinga på robotisering, digitalisering og dyktige fagarbeidarar.

Skriv ut

Det var regional- og næringsutvalet som i mai kåra Pipelife Norge AS i Surnadal til Årets bedrift. Bedrifta produserer plastrøyr og er verdsleiande i sitt slag.

-Denne prisen er ein ekstra motivasjon for oss. Den betyr mykje for oss, det er godt å bli sett, sa adm. direktør Kjell Johan Larsen då han tok i mot prisen.

Ved overrekkinga sa nesteleiar i regional- og næringsutvalet Hanne Notøy mellom anna:

Pipelife Norge AS har hovudkontor i Surnadal. Omsetninga ligg på rundt 1 milliard kr per år, og dei har hatt stabilt gode driftsresultat. Bedrifta har over 250 medarbeidarar, og av desse er 140 i Surnadal. Ein reknar at ringverknadane på indre Nordmøre er kring det firedobbelte av dette.

Bedrifta har satsa mykje på innovasjon. Dei har kome langt innanfor robotisering og digitalisering, og dei er verdsleiande med sine store dimensjonar. Pipelife Norge AS har høgt fokus på miljø og er opptekne av ei berekraftig utvikling. Dei har ført miljøregnskap for fabrikken sidan 2010, og dei utarbeider miljødeklarasjonar som viser utslepp frå produkta i heile deira levetid. Bedrifta arbeider også godt med helse og sikkerheit, og dei har eit lågt sjukefråvær i bedrifta.

Pipelife Norge AS samarbeider aktivt med undervisningsinstitusjonane, m.a. med utvikling og forbetring av yrkesopplæringa. Bedrifta er også på andre måtar ein aktiv medspelar for å utvikle lokalsamfunnet omkring seg. Dagleg leiar Kjell Johan Larsen har leia bedrifta sidan 1995 og har vore ein sterk bidragsytar for fabrikken i Surnadal.

Med Pipelife Norge AS har vi funne ein verdig vinnar av Fylkesprisen Årets Bedrift for 2018, med positive utslag på alle kriteria som er sett for prisen.

Du kan høyre intervju med prisvinnaren her