Podkast: Hemningslaus russefeiring - kven bryr seg?
Andre episode av podkasten Frampå er no ute. Temaet er russefeiring. Korleis kan vi gjere russefeiringa trygg og inkluderande for alle?
Kva er eigentleg problemet med russetida? Og korleis kan vi løyse problemet?
Ungdom seier dei har ikkje lyst til å delta i ei russetid, der dei blir nøydt til å gjere det som tidlegare russ har gjort. – Vi skal jo trass alt ha eit liv etter feiringa også, seier Emma som er avgangselev.
– Mange foreldre er litt naive. Det gjeld ikkje mitt barn, seier dei. – Jo, det gjeld faktisk di dotter eller din son, seier Kjetil som arbeider som miljørådgivar og dagleg er i kontakt med ungdommen.
– Hadde vi hatt forbod mot russebilar og russebussar, hadde mykje av problema vore løyst, seier politimannen Richard Merlid.
Til å diskutere temaet har vi invitert helsesjukepleiar Maja Aurstad, miljørådgivar Kjetil Kirkevåg ved Romsdal vgs, Richard Merlid frå Politiet, kompetansesjef i fylkeskommunen Kariann Dimmen Flovikholm, Niels Leenders, nestleiar i ungdomspanelet i Møre og Romsdal og Emma Sylte Austad som er russ dette skoleåret.
Du kan høyre Frampå via acast.com
Podkasten er også tilgjengeleg der du vanlegvis høyrer podkast, blant anna Spotify og Apple Podcast.