Politiske møte veke 35

Kommande veke er det møte i fylkesutvalet og to av hovudutvala. 

Skriv ut

Fylkesutvalet 30. august

  • Tid: Måndag 30. august kl. 10.30
  • Stad: Scandic Seilet Molde 

Publikum kan følge møtet på mrfylke.no/streaming

Utvalet skal behandle mellom anna intensjonsavtale mellom Molde kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune vedkomande prosjekt Utvikling Reknes Kompetansehub og styring og organisering av Bypakke Kristiansund.

På møteplan 2021 finn du sakspapira til møtet 

Kontaktpersonar: 

  • Tove-Lise Torve, fylkesordførar, mob. 941 65 175  
  • Ottar Brage Guttelvik, fylkeskommunedirektør, mob. 901 08 512  

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet 31. august - 1. september

  • Tid: Tysdag 31. august - onsdag 1. september
  • Stad: Quality Hotel Waterfront og Norsk Maritimt Kompetansesenter/Campus Ålesund

Utvalet skal behandle mellom anna fleire statlege arbeidsplassar til Møre og Romsdal, tilskot til kulturbygg 2021 og søknad om tilskot til prosjekt for å realisere ringverknader av Stad skipstunnel.

På møteplan 2021 finn du sakspapira og program for møtet

Kontaktpersonar:

  • Marit Nerås Krogsæter​ (Sp), leiar kultur-, næring- og folkehelseutvalet, mob. 918 32 844
  • Heidi-Iren Wedlog Olsen, kulturdirektør, tlf. 71 28 03 38 / 482 81 547
  • Erik Brekken, kompetanse- og næringsdirektør, tlf. 71 28 03 70 / 481 31 291
  • Anthony Valen, fylkestannlege, tlf. 71 28 02 01

Samferdselsutvalet 31. august - 1. september

  • Tid: Tysdag 31.august - onsdag 1. september
  • Stad: Quality Hotel Waterfront, Ålesund

Møtet startar med to orienteringar: Trafikksikkerhetsarbeidet på fylkesvegnettet i Møre og Romsdal v/John Hauger, seksjonsleiar Plan og trafikk og utvikling kollektivmarkedet 2021-2022 v/Toril Karlsnes, seksjonsleiar FRAM Marked

Utvalet skal behandle Trafikktryggingsprisen 2021, prioritering av mindre trafikktryggingstiltak til gjennomføring i 2022 og Børdalslinja, fv. 650 Sjøholt - Viset - beslutningspunkt B0 (behovsfase).

På møteplan 2021 finn du sakspapira og program for møtet

Kontaktpersonar: 

  • Kristin Marie Sørheim (Sp), leiar samferdselsutvalet, mob. 952 86 060 
  • Arild Fuglseth, samferdselsdirektør, tlf. 71 28 02 67 / 915 30 085