Ramsli på plass som prosjektleiar for omstilling Geiranger verdsarvområde

Nils-Andreas M. Ramsli (40) er tilsett som prosjektleiar for omstillingsprosjekt i Geiranger verdsarvområde, som Møre og Romsdal fylkeskommune har løyvd midlar til.

Skriv ut

Prosjektet skal bidra utvikling av Geiranger og verdsarvområdet. Mellom anna å finne løysingar på utfordringane knytt til krav om nullutslipp for den cruisebaserte turismen samstundes som ein ønskjer å legge til rette for ein meir berekraftig heilårsturisme i Geiranger og omegn. Det siste bør kunne verte ein katalysator for meir permanent busetjing og utvikling av området. Verdsarvstatusen er sjølvsagt sentral i arbeidet, samstundes som det siste årets pandemi har gjort det enda meir kritisk å finne gode løysingar på kort og lang sikt.

-Vi er glade for at Ramsli har starta som prosjektleiar, og at vi no kan få god framdrift i dette viktige prosjektet, seier ass. fylkeskommunedirektør Gunn Randi Seime.

Ramsli er opphavleg Sunnmøring, og etter 18 år i Bergen og Oslo, flytta han i 2018 til Ålesund saman med familien. Ramsli har master i økonomi og leiing frå Norges Handelshøyskole og har bakgrunn frå utvikling- og omstillingsprosessar i konsulentselskapet PWC, med oppdrag for både privat og offentleg sektor. Han har også ti års erfaring frå eigedomsutvikling i Oslo-området gjennom eige firma. Han starta i jobben 1. mars.

-Eg set stor pris på å få vere med å bidra inn mot dei gode prosessane som er i gong i Geiranger og omegn, og håpar også at vi saman skal få til å styrke området som turiststad og ein god stad å bu og arbeide, seier Ramsli. 

Styringsgruppa i prosjektet består representantar frå kommunane Stranda og Fjord, Geiranger verdsarv, Geiranger Marknad AS, Stranda Hamnevesen og Møre og Romsdal fylkeskommune. Gunn Randi Seime er leiar for styringsgruppa.  Fylkeskommunen har i økonomiplanen sett av 10 mill. kroner over ein periode på 3,5 år til dette prosjektet.

Kontakt