Rapport om krisepakke til kulturen: 22 mill til 165 søkarar

Som første fylkeskommune lanserte Møre og Romsdal fylkeskommune i mai 2020 ei tiltakspakke med 7 støtteordningar for kulturlivet i fylket i samband med koronapandemien. No er rapporten lagt fram.

Skriv ut

Tiltakspakken hadde som formål å dempe effekten av koronapandemien i kulturlivet og i alt fekk fylkeskommunen inn 256 søknadar. Det vart delt ut nærare 22 mill. kroner i tilskot til 165 søkarar.

No kan du lese rapporten om tiltakspakken her.

Den vart lagt fram for og godkjent av kultur-, næring- og folkehelseutvalet 1. september. Rapporten gir ei god oversikt over alle tiltaka som søkte – både dei som fekk tilskot og dei som fekk avslag.

Gledelege resultat

No byrjar resultata av tiltakspakken å kome både gjennom rapportar til fylkeskommunen og oppslag i media. Tiltaka er til glede og nytte til alle dei som har fått tilskot og til dei som kan nyte godt av tiltaka.

Dokumenter

Kontakt