Reduserer klimagassutsleppa frå bussane i 2024

I den nye busskontrakten for Kristiansund, Averøy, Aure og Smøla skal minst 600 000 rutekilometer vere utsleppsfrie, alle bussar må minimum fylle krava til Euro VI og miljø skal vere eitt av tildelingskriteria i konkurransen.

Skriv ut

Det er føringane samferdselsutvalet gir fylkeskommunedirektøren i oppstarten av arbeidet med ny busskontrakt for dei fire nordmørskommunane. Dagens kontrakt går ut 31. desember 2023.

- Desse føringane er viktige for å nå målet i fylkesplanen om at Møre og Romsdal fylkeskommune skal vere klimanøytral innan 2030, seier leiar av samferdselsutvalet Kristin Sørheim.

Ein rapport utarbeidd av Rambøll viser at det er mogleg å elektrifisere bybussane i rute 801, 802, 803 og 807 i Kristiansund. Det gir 600 000 utsleppsfrie rutekilometer som reduserer CO2-utsleppa med 35 prosent frå dagens kontrakt med dieselbussar.

Tilbydarane skal også konkurrere på miljø ut over minstekrav slik at det blir attraktivt å tilby ytterlegare utsleppsfri eller klimanøytral ruteproduksjon. Kontrakten skal også legge til rette for å fase inn ny miljøteknologi eller klimanøytrale drivstoff i kontraktsperioden.

Kontakt