Regional vassforvaltningsplan for Møre og Romsdal ute på høyring

Planen fastset miljømål i kyst, innsjø, elv og grunnvatn. Planen omfattar alt som påverkar vassmiljøet, som til dømes vasskraft, landbruk, framande artar, industri, akvakultur og avløp. 

Skriv ut

Leiar for vassregionutvalet, Henrik Stensønes meiner planen klart vil bidra til eit betre miljø i vassdraga våre. 

-Tilstanden i naturen krev at vi tar grep. Det er viktig at vi klarer å vekte miljøambisjonane med næringsinteressene, som for eksempel kraftproduksjonen, på ein betre måte enn før. Det trur eg vi har greidd. Eg er spesielt glad for at vi i planen løftar tema som plastforsøpling, og eg håpar også at vi gjennom planarbeidet kan inspirere kommunane til å jobbe meir med vassmiljøet framover, seier Stensønes.
 
Næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Hilde Aspås, ser planen som sentral for å konkret følge opp ambisjonane om å bli berekraftfylke. -Planen bidrar til å gjennomføre fleire tiltak som støttar opp om FNs berekraftmål. Vi arbeider også for ei grøn omstilling av næringane våre. Kunnskap om og tilstand til økosystema er avgjerande, seier Aspås.

Planen krev miljøtiltak

Miljømåla har eit overordna mål om at vassførekomstane i regionen skal ha minst god økologisk og kjemisk tilstand innan 2027, noko som krev miljøforbetrande tiltak. Det er foreslått til saman 300 tiltak, og desse er oppsummert i tiltaksprogrammet. Tiltaka varierer frå å forbetre ein vegkulvert i ein bekk, slik at sjøauren kan vandre igjennom, til større tiltak som å rydde opp i forureina sjøbotn eller fjerne lakseparasitten Gyrodactylus salaris frå Drivaregionen. 

Ei nødvending satsting på sjøaure

Planen vil prioritere oppfølging av vassdrag med laks og sjøaure, og sjøaureprosjektet «Mange bekkar små» vil  spele ei sentral rolle. Planen prioriterer også oppfølging av miljøgifter og forureina sjøbotn, landbruk og avløp og plastforsøpling. Det regulerte vassdraget Svorka/Bævra er prioritert i planutkastet for å få etablert minstevassføring. 

Usemje om delar av planforslaget

Fylkeskommunen er usamd i tiltak knytt til opprydding av forureina sjøbotn ved 13 verft, så lenge tiltaka ikkje føreset ei statleg finansiering. Usemja blir gjengitt i planen og blir lagt til avklaring i departementet. Stensønes meiner det synd at det er usemje om delar av planforlaget; -Eg skulle sjølvsagt ønske at alle var einige, men her er vi uroa for kva tiltaka kan bety for den maritime industrien i Møre og Romsdal. Men det skjer ein konstruktiv dialog med Miljødirektoratet og Statsforvaltaren. Eg vil også understreke at vi alle ønsker ei opprydding, og det er sjølve finansieringa av tiltaka vi meiner må kome frå staten. Verfta vil aldri greie å bere den kostanden, seier han.

Sektoromyndigheiter, kommunar, interesseorganisasjonar, næringsliv, lag, foreiningar og andre interesserte er kan komme med innspel til planen. Fylkeskommunen ber spesielt om innspel til:  

•    Tiltak 
•    Kunnskapsgrunnlaget 
•    Prioriteringar  

 Gå til høyringa

Kontakt