Reis tilbake til vikingtida på Veøya med den innovative tidsmaskinen
På Romsdalsmuseet kan du no tre inn i ei anna verd, reise tilbake i tid, og vandre inn og ut av stavkyrkje, leidangsnaust og eldhus, med joystick og 3D-teknologi. Få andre museum i landet ligg så lagt framme i slike tidsreiser.
I desse dagar lanserer Romsdalsmuseet ei digital nyvinning som skal bli ein fast del av den permanente utstillinga: ein tredimensjonal, digital versjon av Veøya, slik det var for om lag tusen år sidan. Publikum kan gå inn i eit lita hule, og bli omringa av bygningar, folk, reiskap og landskap på øya i Romsdalsdalsfjorden.
- Vi vil vise korleis det var på Veøya i vikingtida, og gjere øya meir tilgjengeleg. Kvar sommar tar vi i mot om lag 700 skolelevar, men no kan vi nå ut til fleire, også pilegrimar som går kystpilegrimsleia. Og det fine er at øya og den digitale versjonen av den, kan supplere kvarandre, seier Hilde Stenmark Kvennes, som er nestleiar på museet.
Pandemiproblem
Etter ein trong fødsel under pandemien og leveringsvanskar på grunn av krigen i Ukraina, har museet fått bygd om delar av utstilllingslokalet, installert teknisk ustyr som projektor og spesiallinser, og tatt i bruk programvare utvikla gjennom Ein bit av historia, eit kulturarvprogram i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune. No kan publikum utforske kaupangen og leidangsnausta, med eller utan guide, sjå filmen som går non-stop på alle flater, eller navigere seg fram og tilbake med ein joystick.
- Grafikken er kanskje ikkje så avansert som for eksempel i dataspel, men sjølv dei som gamer blir imponert når dei går inn i dette digitale universet og opplever at dei blir helt omringa, seier formidlingsleiar på museet, Birgitte Nielsen.
Det vi får sjå, er sannsynleg nokså likt slik det var. 3D-versjonen er ei digitalisering av arkeologiske funn som er gjort på Veøya.
- Alt bygger på resultat av forsking, for eksempel korleis husa og båtane vart bygd. Og det er det som er særeige med prosjektet. Det er ein digital transformasjon av funn, seier Torgeir Brun, som leiar satsinga på digital formidling av kulturarv i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Digital formidling
Nyvinninga på Romsdalsmuseet er eit resultat av programmet Ein bit av historia, utvikla av Tidvis Utvikling AS.
Brun har følgt prosjektet sidan oppstart og gler seg stort over resultatet.
- Det fantastiske er at museet har tatt i prosjektet og skapt noko heilt nytt. Denne tidsmaskinen gir ei altoppslukande digital oppleving, og det er ein banebrytande innovasjon her i fylket, seier han.
Med denne plasserer museet seg også i topp nasjonalt. Brun meiner det berre er ei handfull andre museum med tilsvarande innovasjon elles i landet. Han får medhald av Tore Bugge Pedersen, som er prosjektleiar av Ein bit av historia.
- Dette prosjektet treff på alle måla vi har for Ein bit av historia. Det bidrar til verdiskaping, digital formidling av kulturarv, til styrking av næringsliv og av folkehelse, seier Pedersen.
Turistmagnet
No er det ei rolig tid for museet, med flest lokale besøkande og skoleklassar. Men til våren og sommaren kjem cruiseskipa.
- Veøya i 3D vil heilt klart appellere til cruiseturistane. Alt med vikingtema trekker turistar, seier Nielsen.
Veøy-prosjektet er realisert med midlar frå Gass ROR og prosjektstøtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune gjennom Ein bit av historia.
Ein bit av historia skal gjere historiske vegar i Møre og Romsdal betre kjend og meir brukt. Programmet løftar fram dei historiske ferdselsårene Den Trondhjemske postveg og pilegrimsleiene Kystpilegrimsleia og Valldalsleia.
Sentralt i satsinga er å respektere, vidareutvikle og løfte fram lokalsamfunna sin materielle og immaterialle kulturarv og eigenart.
Ein bit av historia er ei programsatsing som med utgangspunkt i kulturarv, folkehelse, stads- og nøringsutvikling. Programmet skal bidra til stoltheit og eigarskap til kulturarven vår, og til etablering av tilbod, opplevingar og arbeidsplassar langs desse strekningane.
Digital formidling har vore ei av satsingane i programmet.
Satsinga skal gå fram mot Noreg sitt tusenårsjubileum i 2030.
Programmet er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og Riksantikvaren, og organisert som eit FoU-samarbeid mellom fylkeskommunen, NTNU Vitenskapsmuseet, NIKU – Norsk institutt for kulturminneforskning, Kulturtanken, Nordmørsmusea AS, Romsdalsmuseet, Smøla kommune, Fortidsminneforeningen og Tidvis Utvikling AS.