Rekordmange gjennomfører vidaregåande opplæring
Aldri har fleire fullført og bestått vidaregåande opplæring i Noreg. Og i Møre og Romsdal er gjennomføringsgraden over gjennomsnittet for landet.
83 prosent av elevane som starta på Vg1 i 2016 i Møre og Romsdal gjennomførte med studie- eller yrkeskompetanse innan fem eller seks år. Tala for Møre og Romsdal er to prosentpoeng betre enn tala for landet sett under eitt, ifølge Utdanningsdirektoratet (Udir).
Roser jobben ute på skolane
- Dette er svært gledeleg. Det er dette vi i vidaregåande opplæring jobbar for kvar einaste dag, og resultatet er eit synleg bevis for at alle som jobbar på- og med skolane i Møre og Romsdal har gjort ein solid og målretta jobb over mange år, seier kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken Møre og Romsdal fylkeskommune.
Han kan slå fast at gjennomføringsandelen i løpet av ti år har auka frå med ti prosentpoeng. Andelen har auka årleg sidan det første kullet i Kunnskapsløftet starta i 2006.
Færre som ikkje gjennomfører
Men ikkje berre er det mange som gjennomfører. I aldersgruppa 16-25 år har aldri har vore så få som verken har bestått eller er i vidaregåande opplæring. Tala for heile landet er 11,5 prosent, som er ein nedgang på 0,3 prosentpoeng samanlikna med 2021.
Ifølge Udir er det ikkje nødvendigvis slik at ungdom som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, er inaktive. Mange vel å avslutte opplæringa for å jobbe. Av dei 11,5 prosentane som er utan og utanfor vidaregåande opplæring, er omtrent halvparten i arbeid.
- Styrka fellesskap
Tala for heile landet viser at 81 prosent av elevene som begynte på vgs i 2016, gjennomførte innan seks år. Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) seier til NTB at det er fantastisk at rekordmange går ut av vidaregåande med eit fagbrev eller vitnemål i handa:
- Det er enormt viktig for unge folk sine moglegheiter i framtida. Samtidig blir fellesskapet vårt styrka av at fleire fullfører, seier Brenna.
Å gjennomføre vidaregåande skole blir rekna som å fullføre innan ein viss tidsperiode frå ein starta vidaregåande. For yrkesfag er det seks år, mens for studieførebuande er det fem år.