Rekordmange lærarar i dei vidaregåande skolane søker vidareutdanning

Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal opplever rekordhøge søkartal frå lærarar som ønskjer å ta vidareutdanning til hausten gjennom den statlege ordninga Kompetanse for kvalitet.

Skriv ut

Då søknadsfristen gjekk ut var det kome inn til saman 116 søknadar fordelt på 22 vidaregåande skolar i Møre og Romsdal. Flest søknadar kom det til matematikk og programmering, men det er også mange som søker vidareutdanning i språkfag, spesialpedagogikk og andrespråkspedagogikk.

Møre og Romsdal fylkeskommune har gått gjennom søknadsbunken og levert ei prioritering av søknadane til Utdanningsdirektoratet, basert på skolane sine eigne prioriteringar. 

Prioritert område

-Det høge søkartalet viser at det er stor interesse for vidareutdanning. Vidareutdanning er eit prioritert område for Møre og Romsdal fylkeskommune, og som arbeidsgivar ønskjer Møre og Romsdal fylkeskommune at flest mogleg lærarar skal få moglegheit til å utvide kompetansen sin, seier seksjonsleiar for opplæring i skole Helene Loe Arntsen.

-At det er flest søkarar til realfaga kan ha samanheng med behov som er utløyst av endringar i læreplanverket. I retningslinjene frå Utdanningsdirektoratet er det vist til at søknadar til studietilbod i matematikk, engelsk og norsk vil bli prioritert frå Utdanningsdirektoratet. Årsaka til dette er at det frå 1. august 2025 ikkje lenger vil bli gitt dispensasjon frå kravet om relevant kompetanse for å undervise i faget. 

Utdanningsdirektoratet har frist til 30. april med å behandle søknadane. -Vi kjem til å benytte oss av alle plassane vi blir tildelt av Udir, seier Arntsen. 

Lærarar som har søkt vil få svar på søknaden sin i løpet av mai. 
 

Kontakt