Revidert bompengeproposisjon for Nordøyvegen til Stortinget

Bompengeproposisjonen bestemmer kva det skal koste å passere bomstasjonen på Skjeltene når bompengeinnkrevjinga startar måndag 5. september 2022. Heile prosjektet opnar for trafikk laurdag 27. august.

Skriv ut

Forslaget til bompengeproposisjon legg som tidlegare til grunn at det blir bomstasjon på Skjeltene og gratis å køyre mellom Nordøyane. Innkrevjingsperioden blir inntil 25 år. Auka inntekter grunna til dømes høgare trafikk eller lågare rente gå til reduksjon av innkrevjingsperiode ned til 20 år før det går til reduksjon av takstar.

 GrunntakstMed AutoPASS-brikke Passeringstak pr. mnd.
Bilar under 3500 kg219 kr175 kr40
Nullutsleppskøyretøy under 3500 kg219 kr108 kr40
Køyretøy over 3500 kg657 kr--
Nullutsleppskøyretøy over 3500 kg657 kr0 kr-


Takstane blir justert i samsvar med prisutviklinga.

Auka bompengebidrag

Den reviderte bompengeproposisjonen blir fremma for å kunne auke bompengebidraget til Nordøyvegen. Da fylkestinget gjorde endeleg vedtak om bygging av Nordøyvegen 11. desember 2018, var det med bakgrunn i at dei auka kostnadane i prosjektet vart finansiert med fylkeskommunale midlar og auka bompengebidrag.

Kommunane Haram og Sandøy slutta seg til det reviderte finansieringsopplegget i 2018. Det gjorde også fylkestinget, som i tillegg har vedtatt å auke ramma for garantiansvar for bompengelånet.

Det er gjennomført ei ny ekstern kvalitetssikring (KS2) av bompengeopplegget for fv. 659 Nordøyvegen, som omfattar finansieringsgrunnlag, trafikkgrunnlag og finansieringsevne. I følgje rapporten er bompengefinansieringa robust, då det blir teke utgangspunkt i eit konservativt trafikkanslag og bompengelånet lèt seg finansiere under føresetnadene til prosjektet.

Finansiering av Nordøyvegen

Den reviderte bompengeproposisjonen legg til grunn ei styringsramme for Nordøyvegen på 5,564 mrd. 2022-kr, der 676 mill. kr (12,1 prosent) er bompengebidrag. Dei resterande 4,888 mrd. kr er fylkeskommunale midlar som inkluderer bidraga frå kommunane og næringslivet i form av tilskot, renter og avdrag, og ferjeavløysingsmidlar frå staten.

Lågare ferjetakstar endrar ikkje bomtakstane

I forlenginga av den lokalpolitiske behandlinga av bompengeinnkrevjinga for Nordøyvegen, fekk fylkeskommunedirektøren fullmakt frå fylkestinget til å søkje om 25 prosent reduksjon i bompengetakstane. Beløpet svara til reduksjonen i ferjetakstane frå nyttår.

I forslaget til revidert bompengeproposisjon blir ein slik reduksjon avvist:

"Sjølv om ein i plansamanheng i eit ferjeavløysingsprosjekt har lagt til grunn ferjetakstane som metodikk for å kunne rekna ut trafikk og grunnlaget for bompengetakstar, er det ingen bunden samanheng mellom fastsett gjennomsnittstakst for eit bompengeprosjekt og framtidige ferjetakstar", skriv Samferdselsdepartementet i si vurdering til bompengeproposisjonen.

Endeleg takstvedtak i sommar

Bompengeproposisjonen skal no behandlast i Transport- og kommunikasjonskomiteen før Stortinget skal gjere vedtak. Når vedtaket er klart, vil Møre og Romsdal fylkeskommune og bompengeselskapet Vegamot inngå avtale om bompengeinnkrevjing i tråd med vilkåra i bompengeproposisjonen Stortinget har vedtatt. Vegamot står for den praktiske innkrevjinga av bompengar.

Vegamot må formelt søkje Vegdirektoratet om endeleg takstvedtak basert på ny bompengeproposisjon. Kunngjering av endeleg takstvedtak skjer normalt fire til seks veker før starten på innkrevjinga.

 

Ønsker du å abonnere på vårt nyheitsbrev? Registrer deg her.

Snarvegar

Kontakt