Riksantikvaren gir støtte til tre historiske ferdselsårer

Tre historiske ferdselsårer i Møre og Romsdal har fått midlar som ein del av markeringa av Frivillighetens år. Regjeringa har gitt ei ekstraløyving på 2,5 millionar kroner som skal bli brukt til å løfte fram og støtte lokalt, frivillige arbeid med å legge til rette, skjøtte og formidle lokale ferdselsårer. 

Skriv ut

Det kom inn 190 søknader frå heile landet, og 43 foreiningar har fått støtte til sine prosjekt. Tre prosjekt fekk støtte i Møre og Romsdal.

Historisk vandrerute brukt under 2. verdskrig

Fieldfareruta i Tafjordfjella var det einaste prosjektet i landet som fekk full utteljing med eit tilskot på 100 000 kroner. Dette er eit prosjekt i regi av Den Norske Turisforening (DNT) Sunnmøre. I Tafjordfjella ligg ei lita hytte under ein berghammar, og denne vart brukt under «Operasjon Fieldfare, der Joachim Rønneberg, Olav Aarsæther og Birger Stømsheim deltok. Fieldfareruta er godkjent som Historisk vandrerute av Riksantikvaren og DNT, og følger DNT Sunnmøre sine merka stiar frå Zakariasdammen til Reindalseter og vidare.

Opprusting av kyrkjesti til Kvernes

Det andre prosjektet som har fått støtte er ein kyrkjesti i Averøy kommune. Kvart år blir det arrangert kyrkjestivandring over fjellet frå Øverbådalen til Kvernes kulturområde. Prosjektet har søkt om støtte til opprusting av stien, mellom anna til å legge ut klopper. Det er Gamle Kvernes Bygdemuseum som står bak søknaden saman med frivillige og fem grunneigarar. Dei har fått støtte på 22 000 kroner.

Hengebrua «Brooklyn» i Sunndal

Flatvad grendelag har søkt om støtte til klipping av gras, rydding og vedlikehald av hengebrua «Brooklyn» på Grøa i Sunndal. Det er Flatvad grendelag som står bak søknaden, og dei ønsker å fremje samarbeid og utvikling i området Flatvad/Fantstranda på Grøa i Sunndal.

Tidlegare har grendelaget laga ein tursti som følger den gamle fylkesvegen frå Hoås til Gikling. Det er laga ei brosjyre med kart som viser kjente kulturminne som kan sjåast langs stien. Grendelaget vil både rydde og drive vedlikehald langs sti og bruer, men også arrangere kulturminnevandring langs delar av «gamlevegen» til hausten. Dei har fått 80 000 kroner i støtte til arbeidet.

Må ha historisk verdi og skape engasjement

For å få tilskot må ferdselsårene ha blitt brukt til ferdsel og transport i tidlegare tider eller vere knytt til eit historisk tema. Det er også viktig at prosjekta må legge til rette for økt engasjement og synleggjering av dei lokale, historiske ferdselsårene i 2022.

Før tildeling var den samla søknadssummen på over 5 millionar kroner. For å få ei rask utbetaling, har Riksantikvaren følgt fylkeskommunane og Sametinget sine forslag til prioriteringar. 

Kontakt