Samarbeid i Møre og Romsdal gir innbyggarane betre tenester

Då Digi Møre og Romsdal blei starta opp for vel to år sidan, var hensikta å samarbeide om auka digitalisering. No skjer eit utstrekt samarbeid på tvers av kommunegrensene.

Skriv ut

Torsdag 21. april under Nyttårskonferansen 2022 skal prosjektleiar Siri Hollingsæter Stene i Digi Møre og Romsdal fortelje deltakarane om korleis dei har jobba med å etablere eit regionalt samarbeid om digitalisering, der alle kommunar i Møre og Romsdal er med.

- Eg kjem til å legge stor vekt på kvifor vi bør samarbeide, og viktigheita av at vi i framtida samarbeider for å utvikle kommunar og innbyggartenestene våre, røper Stene.

Samarbeidsrigg

Prosjektleiaren seier at kommunane allereie har fått mykje ut av Digi Møre og Romsdal-prosjektet:

- Vi er kome veldig godt i gang med å bygge samarbeidsriggen som Digi Møre og Romsdal skal vere, og det inneber å kople saman på tvers av kommunar og innafor fagområde, seier ho.

Heilt konkret har kommunane samarbeidd om fleire prosjekt:

- Den aller største nytteverdien i digitaliseringsnettverket, er kompetanse- og erfaringsdelinga på tvers. Spesielt bør kompetanseløft innan digital transformasjon nemnast der toppleiargruppa i nesten alle kommunane og fylkeskommunen saman gjennomfører eit felles og omfattande kompetansehevingstiltak som har gitt stor nytteverdi for kommunane. I tillegg har vi arrangert fagdag og webinar med ulike tema der alle kommunane er invitert. 

- Vi ser veldig stor verdi i leverandørdialogar saman, og ser på moglegheit for felles innkjøp. Og der ein ikkje har prosessar i fellesskap, så kan ein samarbeide der ein kan hente erfaringar frå kvarandre. Det har vi gjort både innafor personvern og informasjonssikkerheit, som var det første fagnettverket vi bygde opp, og vi har gjort det same innafor barnevern, seier Stene.

- Vi samarbeider også med andre diginettverk (kvart fylke har eit slikt digitaliseringsnettverk), og jobbar for å kople oss tett på nasjonale fora for å ta ein sterkare posisjon og medverke i det nasjonale arbeidet med digitalisering. 

Fleire digitale løysingar

DigiMR bygg no opp strukturar rundt teknisk sektor, sosial velferd, oppvekst, samt velferdsteknologi og eHelse.

- Det blir rapportert om stor nytteverdi, ressurssparing, betre informasjon og ein tryggleik i å ta gode val.

- Vi skaper ein mykje betre gjennomførings- og gjennomslagskraft ved å jobbe saman. Kommunane står i dei same utfordringane knytt til økonomi, bemanning og behov for utvikling. Men i ein travel kvardag kan det vere vanskeleg å få det til, anten du jobbar i ein liten eller stor kommune. Då er det klokt å sette seg saman, og jobbe i fellesskap, og hente-, nytte- og dele ressursar og kompetanse. Gjennom at vi lagar desse koplingane, og gjennom aktivitetane som vi har gjennomført og sett saman på tvers, så blir det lågare terskel for å ta kontakt med kvarandre. Man begynner å sjå moglegheiter av kva man kan få til saman, seier ho.

Skryt av samarbeidet

Ho skryt av samarbeidet kommunane imellom, og på tvers av fogderia.

- Eg kan eigentleg ikkje seie at eg legg merke til nokon fogderistrid. Vi er opptatt av faget og det å skape gode tjenester for tilsette og innbyggarar, seier Stene.

Digi Møre og Romsdal er ein del av programmet Møre og Romsdal 2025, der offentleg sektor med ansvar for Møre og Romsdal samarbeider for å styrke regionen. Fylkeskommunen er programeigar og samarbeider med kommunane i fylket, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og andre statlege aktørar.

140 deltakarar påmelde

140 deltakarar er påmelde til Nyttårskonferansen 2022 på Scandic Seilet 20. og 21. april. Alle kommunar i fylket er representert. Dei som er inviterte er ordførarar, kommunedirektørar, toppleiarar for regionale statlege verksemder med ansvar for Møre og Romsdal, fylkesutval, Mørebenken, ungdomspanelet, og toppleiing i Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Konferansen blir arrangert av program Møre og Romsdal 2025. Programkomiteen består av Møre og Romsdal fylkeskommune, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, KS, NAV og Ungdomspanelet.

 

Ønsker du å abonnere på vårt nyheitsbrev? Registrer deg her.

Snarvegar

Kontakt