Samarbeider om modell for seriøst arbeidsliv

Partane i arbeidslivet skal no gi innspel til ein modell for seriøst arbeidsliv i Møre og Romsdal.

Skriv ut

Bakgrunnen for saka er at fylkestinget 19. april 2021 i sak T-17/21 vedtok at «Fylkeskommunedirektøren skal i samarbeid med partane i arbeidslivet greie ut ein eigen modell for å sikre eit seriøst arbeidsliv i Møre og Romsdal.»

Fylkestinget vedtok samtidig å lyse ut jobben som koordinator for eit seriøst arbeidsliv.

Kallar inn til møte

Arbeidet med modellen er i gang, og Rakel Bruteig Wiig, som 1. september i fjor starta i den nyoppretta stillinga som koordinator seriøst arbeidsliv, kallar no inn partane til møte. Måndag 4. april skal LO, NHO og Maskinentreprenørenes Forbund (MEF) møtast i Molde der Møre og Romsdal fylkeskommune presenterer kva som er tenkt og gjort så langt.

- Tanken er at vi skal presentere eit utkast til ein modell for dei. Vi ønsker innspel, fordi dei sit med verdifull informasjon og innsikt i partane sine utfordringar, seier Rakel Bruteig Wiig.

Dialog og samarbeid

Ho forklarer kvifor det er viktig at dei møtast:

- Det eine er å få dialog og samarbeid. Men vi ønsker også å sikre at modellen er best mulig retta mot behovet i Møre og Romsdal, både for å sikre at vi stiller gode krav for å sikre seriøst arbeidsliv, men òg at vi ikkje stiller krav som treffer feil i marknaden, seier Wiig.

Hovudmålet

Hovudmålet med modellen er å førebygge arbeidslivskriminalitet gjennom eit breitt samarbeid.

Modellen inneheld krav som fylkeskommunen skal bruke i kontraktene med leverandørar, til dømes innan bygg og anlegg. Dette er krav som gjeld mellom anna lønn- og arbeidsvilkår, bruk av lærlingar og begrensning i antall ledd underentreprenørar mv. 

Kontakt