Samferdselsutvalet har vedtatt plan- og byggeprogrammet for fylkesveg i 2021 og 2022

Plan- og byggeprogrammet for fylkesveg er basert på gjeldande økonomiplan og gir ei samla oversikt over dei vegprosjekta Møre og Romsdal fylkeskommune skal planlegge, prosjektere og/eller bygge i år og neste år.

Skriv ut

Totalt er det planlagt investeringar på fylkesvegnettet for om lag 2,4 milliardar kroner i 2021 og 1,7 milliardar kroner i 2022.

Store prosjekt

Nordøyvegen vil vere under bygging i heile 2021 og i delar av 2022. Vegen opnar til Lepsøya, Haramsøya og Flemsøy/Skuløy 18. desember 2021 og til Fjørtofta og Harøya sommaren 2022. Reguleringsplanarbeidet for fv. 60 Tomasgard-Røyrhus bru i Stranda og Volda er planlagt starta hausten 2021. Fylkeskommunedirektøren legg fram eiga sak om status og framdrift for Todalsfjordprosjektet til samferdselsutvalet i mai.

Bypakkar

I vedtatt økonomiplan var det føresett ei offensiv framdrift for bypakke Ålesund. Prognosar og datoar for byggestart og trafikkopning er usikre sidan bompengeproposisjonen ikkje er vedtatt i Stortinget enno.

Ferjekaier

Dei to neste åra blir det svært høg aktivitet på ferjekaiene. Arbeidet med ferjekaiene i Nordmørspakken blir ferdig i 2021. På Aukra og Hollingsholm ferjekaier blir kaihusa oppgradert og ferjekaibruene skifta ut. Det er planlagt oppstart av reguleringsplanlegging, prosjektering og anna klargjering for oppgradering av ferjekaiene på Indre Sunnmøre (Eidsdal og Linge), Romsdalspakken (Sølsnes og Åfarnes), Ytre Sunnmøre (Larsnes, Åram, Voksa og Kvamsøy) og Ytre/Utasundspakken (Småge, Orten, Sandøy, Dryna og Brattvåg).

Bruer

Nerlandsøybrua i Herøy er det største bruprosjektet i plan- og byggeprogrammet. Det er føresett bygging og utbetring av svært mange bruer i økonomiplanperioden. Aktiviteten vil auke i 2022 når bemanning i prosjekta er på plass.

Tunnelar

Møre og Romsdal fylkeskommune skal oppgradere om lag 30 tunnelar for å fylle krava i tunnelsikkerheitsforskrifta. Arbeid i 2021 og 2022 vil i hovudsak gjelde planlegging og prosjektering.

Utbetring av vegar

Fylkestinget har gitt ei ekstra løyving på 50 millionar kroner til forsterking av vegar. I 2021 og 2022 er det planlagt forsterking av til saman 28 kilometer fylkesvegar i kommunane Smøla, Tingvoll, Molde, Ålesund og Volda.

Gang- og sykkelvegar og trafikktryggingstiltak

Fylkestinget vedtok ved behandling av økonomiplanen for 2021-2024, å løyve 40 mill. kroner årleg til gang- og sykkelveg og trafikktryggingstiltak. Dei neste to åra er det planlagt oppstart av gang- og sykkelvegar på fv. 664 Tornes-Kjørsvika (Hustadvika) og fv. 65 Vindøla-Røv (Surnadal). For fv. 61 Tunheim (Vanylven) må det gjennomførast reguleringsarbeid før oppstart av sjølve anlegget.

Samferdselsutvalet vedtok at anbodskonkurransen for Vindøla-Røv må gjennomførast vår/sommar 2021 og at anleggsarbeidet må startast så snart som mogleg.

- I praksis betyr dette at prosjektet skal utførast så snart som råd. Men tilsetting av byggeleiing som skal detaljplanlegge prosjektet og utføre lovpålagte oppgåver gjer at vi treng lengre tid før spaden kjem i jorda, seier fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen. I 2021 skal 2 millionar kroner nyttast til forkøyrsregulering av overordna fylkesvegar, og 8 millionar kroner skal nyttast til oppgradering av rekkverk langs fv. 60, 61, 62 og 64. Dette er primære fylkesvegar med relativ høg årsdøgntrafikk, høg fartsgrense og ein del utforkøyringsulykker.

Skredsikring

Skredsikringstunnelen til Geiranger er under bygging og skal opnast for trafikk hausten 2023. Prosjektering av fangnett over fv. 6012 Ågothammaren i Molde kommune er planlagt så snart prosjektleiing er tilsett. Samferdselsutvalet ber om at arbeidet med skredsikring startar snarast og at administrasjonen må kome tilbake med ei gjennomføringsplan til neste møte i samferdselsutvalet som er 4. mai 2021.

Framdrift

Gjennom vedtaket av plan og byggjeprogrammet for dei to neste åra gav samferdselsutvalet klarsignal for planlegging og bygging av tiltaka.

- Vi skal bygge mykje i åra som kjem. Alle ønskjer sjølvsagt at maskinene skal sette i gang straks etter at vedtaket er gjort. Vi er godt i gang med å tilsette fleire fagfolk  og det er ein av grunnane til at det vil ta litt tid før vi er i full produksjon. Så er det også viktig med god detaljplanlegging og gode at vi jobbar fram gode konkurransegrunnlag for at prosjekta skal bli godt utført. Vi står på for å halde god framdrift, seier fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen.

Kontakt