Sei di meining om forslag til ny opplæringslov og endringar i friskolelova

Kunnskapsdepartementet har sendt ut forslag til ny opplæringslov og endringar i friskolelova på høyring.

Skriv ut

Forslaget til ny opplæringslov er meint å erstatte dagens opplæringslov, og forslaga til endringar i friskolelova skal sikre god samanheng mellom dei to lovene.

Forslaget til ny opplæringslov bygger på utgreiinga frå opplæringslovutvalet (NOU 2019: 23 Ny opplæringslov) og dei over 700 fråsegnene som kom inn til høyringa.

I forslaget blir mykje frå den noverande lova vidareført, noko er tatt ut, og nokre nye reglar er tatt inn. Det er eit mål at den nye lova skal bli enda betre for elevane enn lova som gjeld i dag. Dette handlar både om rettar i lova og at lova skal vere enklare å finne fram i og å forstå.

Alle kan seie si meining om lovforslaget

Alle som ønsker det, kan sende inn høyringsuttale. Dette gjeld også privatpersonar og aktørar som ikkje er oppgitt på adresselista for denne høyringa.

Frist for å gi høyringsuttale er 20. 12. 2021.

Her finn du høyringsbrev.

Her kan du sende inn høyringssvar.