Seier ja til å utgreie prising for bruk av veg
Fylkeskommunedirektøren er positiv til at Staten utgreier eit nytt system for vegbruksavgift og bompengar.
Høyringa frå Skattedirektoratet blir behandla av fylkesutvalet måndag 30. januar.
Forslaget frå direktoratet går ut på å erstatte dagens system for vegbruksavgift og bompengar med eit meir berekraftig og treffsikkert system for prising for bruk av veg.
- Vegbruksavgifta blir i dag betalt på omsetning av bensin og diesel. Det betyr at avgifta ikkje omfattar køyretøy med nye teknologiar som elektrisitet og hydrogen
- Vegbruksavgifta er i dag lite treffsikker på korrekt prising av eksterne kostnadar, og inntektene er fallande på grunn av ein aukande andel nullutsleppskøyretøy.
- Som følge av det grøne skiftet er det derfor behov for å sjå på korleis vegbruksavgifta kan bli utforma for framtida for å ivareta desse formåla.
- Det overordna formålet med vegbruksavgifta er å skaffe Staten inntekter og å stille brukaren av vegen overfor dei eksterne kostnadane som køyringa medfører. Dei eksterne kostnadane som vegbruksavgifta tar sikte på å prise, inkluderer ulykker, kø, støy, vegslitasje og helse- og miljøskadelege utslepp.
I si utgreiing har Skattedirektoratet lagt fram fire ulike konsept. Fylkeskommunedirektøren innstiller til fylkesutvalet på å seie ja til å støtte vidare arbeid med konsept 4. Det inneber ei trinnvis innføring av avgifter som legg til rette for ein meir treffsikker prising av dei eksterne kostnadane.
Innføring i to steg
Konsept 4 er tenkt gjennomført i to steg:
- I det første steget får lette norske nullutsleppkøyretøy ei distansebasert vegbruksavgift. Med bakgrunn i ei manuell innberetning av køyretal i Noreg, eller via utstyr installert i det enkelte køyretøy, skal det krevjast inn ei avgift. Dei fossile køyretøya betalar framleis vegbruksavgift gjennom drivstoffavgifta.
- I det andre steget får dei tunge køyretøya ei distansebasert vegbruksavgift som er ulik mellom sonene «by» og meir grisgrendte strøk. Dette skjer gjennom teknologi som blir innført i Danmark i 2025.
Kva skjer med inntektene?
Fylkeskommunedirektøren peikar på at alle dei fire konsepta – også konsept 4 – er berekna til å avvise trafikk. Og mindre trafikk kan få konsekvensar for inntektene. «Fylkeskommunane må i ei framtidig løysing sikrast tilstrekkelege verkemiddel for å ivareta si rolle som vegeigar, regional utviklingsaktør og garantist for større prosjekt på eige og andre sitt vegnett (riksveg)», skriv fylkeskommunedirektøren i si vurdering av saka. Ho ber Skattedirektoratet gjere grundigare analyser på desse områda:
- Konsekvensar for inntekter på bompengefinansierte prosjekt på riks- og fylkesveg. Analysen må innehalde tilhøvet til garantisten.
- Konsekvensar for inntekter på ferjestrekningar.
- Konsekvensar for attraktiviteten til små- og mellomstore byar, og meir grisgrendte strøk.
Spørjande til analysane
Fylkeskommunedirektøren peiker på at rapporten ikkje viser økonomiske og praktiske konsekvensar for innbyggarar og næringsliv i distrikt og mellomstore byar som følgje av ein eventuell overgang til nytt system. «Analysane i rapporten er alle gjort med «Delområdemodell Viken», og det er grunn til å stille spørsmål til om denne er representativ for til dømes Møre og Romsdal. Eit nytt system må bidra til auka attraktivitet for distriktsfylka heller enn redusert attraktivitet som følgje av auka økonomisk belastning og/eller forverra praktiske forhold», skriv fylkeskommunedirektøren i sitt saksframlegg.