Seier ja til namnet, men må vere på nynorsk

Fylkeskommunedirektøren følger langt på veg valet frå arbeidsgruppa, men meiner det nye namnet må vere på nynorsk. Han tilrår namnet Ålesund vidaregåande skole.

Skriv ut

Han grunngir innstillinga si med vedtaket frå fylkestinget i desember 2020 som seier at «Dei vidaregåande skulane skal bruke det språket som vertskommunen brukar». Vertskommune Ålesund vedtok i desember 2020 å bruke nynorsk som målform.

I samband med at Fagerlia videregående skole og Ålesund videregående skole skal slåast saman, har ei arbeidsgruppe jobba grundig med nytt namn på den nye skolen. Dei valde einstemmig namnet Ålesund videregående skole, på bokmål.

Fylkeskommunedirektøren vil behalde grunnstammen i namnet, som arbeidsgruppa har valt, men meiner det må vere på nynorsk.

Skolar har også tidlegare ved val av namn følgt vertskommunane si målform. Det har ført til ulike variantar. Døme på det er Borgund vidaregåande skole, Haram vidaregåande skule og Spjelkavik videregående skole.

Både skule og skole kan brukast på nynorsk, men skole er i tråd med språknormen til fylkeskommunen.

Fylkeskommunedirektøren vil i samband med kommunesamanslåingar sjå på dei eksisterande namna på dei vidaregåande skolane og vurdere ei endring i tråd med målforma i vertskommunane.

Snarvegar

Kontakt