Serveringsbransjen veks aller mest i fylket
Ein ny handelsanalyse viser at omsetninga innanfor servering veks meir i Møre og Romsdal enn elles i landet.
Serveringsbransjen i fylket har vakse med 50 % mot 37 % i landet totalt sett. Ålesund, Rauma, Ørsta, Herøy og Ulstein har hatt ein særskilt stor oppgang i omsetninga.
Dette kjem fram i ein regional handelsanalyse som Asplan Viak AS har utarbeidd på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Handelsanalysen er supplert med statistikk for bransjane overnatting, servering og personleg tenesteyting. Analysen viser utviklinga for handel og service i perioden 2011-2019.
Utfordringar
Handelsanalysen fortel òg om utfordringane: Handel med varer i fysiske butikkar har ein minkande trend målt i omsetning per innbyggar. Netthandelen har auka tilsvarande det dei fysiske butikkane har tapt. Utviklinga i Møre og Romsdal er i tråd med resten av landet.
Handelsanalysen beskriv utviklingstrekk, mulegheiter og utfordringar for handelen i bu- og arbeidsmarknadsregionane i fylket. SSB si befolkningsframskriving viser låg folketalsvekst, og det gjer at potensialet for auka omsetning i detaljhandel fram til 2030 er lite. Størst berekna omsetningsvekst har Ålesund, men også her er vekstpotensialet moderat. I Kristiansund og Molde er den berekna omsetningsveksten låg, og for mange mindre kommunar er det venta nedgang i omsetninga.
- Må samarbeide
Grete Kongshaug, rådgivar by- og tettstadutvikling i Møre og Romsdal fylkeskommune, seier at potensialet for auke i handel med varer er låg i fylket og netthandel vil mest sannsynleg auke.
- Utfordringa framover blir derfor å samarbeide om handelsutviklinga i fylket på tvers av kommunegrenser og område. Marknadsgrunnlaget er avgrensa og etablering av tilbod ein stad kan bety mindre aktivitet ein annan stad, seier Kongshaug.
Sosiale arenaer
Kongshaug meiner by- og tettstadar må dyrke fram sosiale arenaer.
- Sosiale arenaer går ikkje av moten og folk vil og i framtida sjå og bli sett og vere saman med andre. Innsats for å samlokalisere tilboda som finst medverkar til at by- og tettstadsentrum kan tilby noko nettkonsepta ikkje kan. Gjennom dette aukar mulegheitene òg til å kunne utnytte samspelet mellom handel og service i utvikling av nye handelskonsept slik at vi står betre rusta for framtida, seier Kongshaug.
Andre funn frå handelsanalysen:
- Daglegvarer blir kjøpt lokalt: Innkjøp av daglegvarer skjer for det meste lokalt, men pendling og turisme påverkar nokre kommunar. Det gjeld for eksempel Fjord og Smøla der reiseliv er ei stor næring. Nokre kommunar er og påverka av arbeidspendling, slik det er grunn til å tru at busette i Hustadvika vil gjere nokre av innkjøpa i Molde.
- Handelssenter dominerer: Skilnaden i dekningsgrad mellom kommunane er størst på utvalsvarer som for eksempel klede og sko. Særleg høg dekningsgrad for utvalsvarer finn vi i Ålesund (185 %), Molde (155 %), Ulstein (143 %) og Kristiansund (125%). Desse kommunane er dermed relativt tydelege regionale handelssenter i fylket.
- Bysentrum taper terreng: I Kristiansund og Molde er handelsomsetninga dobbel så stor på Løkkemyra og Roseby/Molde storsenter som i sentrum. I Ålesund omset Moa-området 3,5 gangar så mykje som sentrum. Molde skil seg frå dei to andre ved at omsetninga har gått ned både i sentrum og for Roseby/Molde Storsenter.
- Servicetilbodet størst i sentrum: For alle tre byane er omsetninga innan servering og personleg tenesteyting større i sentrum enn i kjøpesenterområdet.