Signerte kontrakt om 4000 m2 i Campus Kristiansund

Måndag ettermiddag signerte Møre og Romsdal fylkeskommune og Devoldholmen utvikling AS (DUAS) kontrakten om fylkeskommunen sitt areal på Campus Kristiansund. Dette markerer startskotet på gjennomføringsfasen.  – Dette er ein sentral milepæl for Campus Kristiansund og for dei miljøa som vi forsøker å skape i samarbeid, seier fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik. 

Skriv ut

- Møre og Romsdal fylkeskommune vil bli ein sentral og viktig aktør i Campus Kristiansund, og vi både gleder oss og er svært audmjuk med tanke på det gode samarbeidet vi har fått til om Campusutviklinga, seier Kristin Haug Lund, dagleg leiar i Devoldholmen Utvikling. 

Fylkesordførar Tove-Lise Torve signerte kontrakten på vegner av fylkeskommunen.

 –Campus Kristiansund vil gi moglegheiter til å ta utdanning i heimfylket, og er noko alle kan vere stolte av, sa Torve. 

Første byggetrinn skal stå ferdig i 2024 

Utbyggarane presenterte nye skisser frå byggetrinn 1 som no er på det nærmaste ferdig teikna, og fortalte at førebuingane til byggeprosessen er i gang.

-  Førespurnaden om totalentreprise er allereie ute i marknaden, og det er eit mål om å ha den ferdig kontrahert på seinhausten. Dersom reguleringsplanen blir godkjent tidleg i haust, er planen framleis at første byggetrinn står ferdig første halvår 2024, seier Jostein Breines i Devoldholmen Utvikling. 

Startar planlegginga av byggetrinn 2 

Det blir no arbeidd med kontraktar for andre leigetakarar i bygget, og desse blir landa fortløpande.  

– Første byggetrinn begynner faktisk å bli såpass fullt at vi ser behov for å begynne å programmere også neste byggetrinn. Det betyr at byggetrinn 2 kan stå ferdig relativt kort etter byggetrinn 1, og at noko av byggearbeida vil skje parallelt. Dette er eit større tempo enn vi såg for oss opphaveleg, seier Per Olaf Brækkan, bygg- og eigedomssjef i Møre og Romsdal Fylkeskommune. 

Frå prosjekt til drift – dagleg leiar på plass 

Frå hausten blir det etablert eit felles driftsselskap for Campus Kristiansund, med fylkeskommunen og Devoldholmen Utvikling på eigarsida; andre vil kome til etter kvart. Driftsselskapet vil handtere mindre leigetakarar, forvalte fellesareal, utvikle samarbeid i bygget og bygge Campus Kristiansund som merkevare. Det betyr også at selskapet framover startar å jobbe med mindre verksemder som har meldt interesse for å vere ein del av Campusmiljøet. 

– Det er svært hyggeleg at den erfarne Campusprofilen Roland Mauseth har takka ja til å ta på seg rolla som dagleg leiar for dette selskapet. Vi er då sikra at kompetansen hans og det sterke engasjementet driv Campusutviklinga videre, seier Kristin Haug Lund. Fylkeskommunen vil leige ut Roland Mauseth i 50 prosent stilling til driftsselskapet, og han vil framleis jobbe parallelt med resten av satsingane i Campusprosjektet. 

- Dette er ei utruleg spennande reise å få vere med på, og eg er veldig glad for å få kunne bidra til neste fase i dette viktige samfunnsprosjektet, seier Roland Mauseth. Med etableringa av driftsselskapet går Campus Kristiansund frå å vere berre eit prosjekt til å også vere ein driftsorganisasjon. - Fram til no har vi vore mange som har snakka om samarbeidet vi ønsker når vi ein dag flyttar inn på campus. No skal vi faktisk jobbe heilt konkret med korleis vi skal samarbeide inne på Campus, og førebu oss på ein ny kvardag som gir heilt andre moglegheiter for kunnskapsutvikling på Nordmøre, seier Mauseth. 

Kontakt