Signerte samarbeidsavtale om bygging av Ørsta vidaregåande skole

Den signerte avtalen legg til rette for at fylkeskommunen og Ørsta kommune skal samarbeide om å bruke lokala i Ørsta vidaregåande og det kommunale kulturhuset.

Skriv ut

Avtalen blei signert av Sten Aam, ordførar i Ørsta kommune, og Per Olaf Brækkan, bygg og eigedomssjef i fylkeskommunen i formannskapsmøtet i Ørsta, 16. juni.

Fylkeskommunen vedtok å bygge lokale for ny vidaregåande skole og fylkeskommunal tannklinikk i Ørsta sentrum i 2019. 

Den signerte avtalen legg til rette for at fylkeskommunen og kommunen skal samarbeide om å bruke lokala i Ørsta vidaregåande og det kommunale kulturhuset, slik at både vidaregåande skole og tannklinikk og kommunale funksjonar som for eksempel kulturhus, bibliotek og kino, kan bruke bygga i lag. Dette kan blant anna kan innebere samanbygging av skole, tannklinikk og kulturhus.

Samarbeidsforum

Samarbeidet om prosjektet vil skje igjennom eit samarbeidsforum, som består av representantar for partane. 
Ørsta formannskap vedtok å greie ut to alternativ; rive kulturhuset eller renovere eksisterande bygg.
Utgreiinga skal vurdere framdrift, funksjonalitet, investeringsbehov, årskostnad, samfunnsnytte og miljøaspekt.

Desse alternativa vil bli behandla politisk saman med byggeprogrammet i haust. 
 

Kontakt