Siste nytt frå Berekraftfylket
Kva skal vi prioritere i 2023? Kva aktivitetar står på programmet? Her kan du lese litt om status og vidare planar i prosjektet.
Nyttårskonferansen 2023 og Digi Meet Up
Tradisjon tro starta året med Nyttårskonferansen i Molde. Berekraft var tema første del av programmet. Her blei toppleiinga i offentleg sektor oppdatert om vidare planar for prosjektet, kva som skjer på den nasjonale berekraftsfronten, på forskningsfronten, og ute i kommunane.
På dag 2 av konferansen samarbeidde Berekraftfylket med Digi Møre og Romsdal i anledning Digi Meet Up. Her blei tre av dei seks felles regionale satsingsområda jobba med i ein workshop for å sjå korleis digitalisering kan vere med å bidra til berekraftig samfunnsutvikling.
Infomøte 19. januar
Torsdag 19. januar inviterte vi til eit ope informasjonsmøte med Berekraftfylket. Saman med generell prosjektinfo var dette oppstarten på ei rekke webinar og verkstadar for å løfte arbeidet med berekraft i plan og styringsprosessar. Det var innlegg frå Volda kommune og KS. Opptak av møtet og presentasjonar er tilgjengeleg på denne sida.
Prosjektprioriteringar 2023
Berekraftfylket Møre og Romsdal har to prosjektprioriteringar i 2023:
- Arbeid med berekraft i plan og styringsprosessar.
- Arbeid med dei felles satsingsområda frå den regional berekraftsprofilen. Blant dei seks områda er det sirkulær økonomi som vil bli prioritert.
I delprosjektet berekraft i plan- og styringsprosessar vil det bli arrangert ei rekke webinar og verkstader. Tema og datoar vil bli lagt ut på fylkeskommunen si heimeside kontinuerleg. Kom gjerne med innspel til tema for webinara eller tips om gode eksempel vi bør trekke fram og dele.
Arbeidet med sirkulær økonomi blir følgt opp på fleire vis. Sentralt i samarbeidet med kommunane er sirkulære anskaffingar og sirkulær stadutvikling. Det vil bli arrangert fleire webinar og møteplassar knytt til disse temaa også. Sirkulær stadutvikling er også foreslått som eit satsingsområde i fylkeskommunen sitt program for berekraftige byar og tettstader
Taksonomiverkstad 16. februar
KS og SSB har utvikla ein sorteringsmodell (taksonomi) for klassifisering av indikatorar etter berekraftsmåla. Er du litt usikker på korleis den kan vere nyttig eller korleis du kan ta den i bruk? Bli med på hybrid verkstad torsdag 16. februar. Dette er ein del av møterekka i delprosjektet berekraft i plan og styringsprosessar. Meir info og lenke til påmelding finn du her.
Circular Cities and Regions Initiative
Fylkeskommunen deltek i EU-prosjektet Circular Cities and Regions Initiative. CCRI arrangerer jamleg opne webinar. Neste webinar er tysdag 7. februar og har tema «Monitoring the Transition to Circular Economy». Her kjem fylkeskommunen til å dele litt om korleis vi har jobba med kartlegging og indikatorar i vår region. Meir info og påmelding finn du her.
Nasjonalt berekraftsnettverk
Det nasjonale berekraftsnettverket har gått over i ei ny fase med medlemskontingent. Dette finansierer mellom anna ein eigen nettverkskoordinator som er tilsett i KS. Kommunedirektør i Molde, Marianne Stokkereit Aasen, er styringsgruppeleiar, og prosjektleiar for Berekraftfylket, Kristin Hansen, deltek i ressursgruppa for nettverket. Nettverket har opne «Berekraftsfredagar» kvar siste fredag i månaden. Ønsker du å få invitasjon til desse kan du melde deg på via KS sine nettside: https://www.ks.no/fagomrader/barekraftsmalene/barekraftsfredag/
United Cities Internship Program
Samarbeid med Berekraftfylket
I november og desember samarbeidde vi med United Cities Internship Program. Fire interns laga tre rapportar der dei har sett på:
- Korleis berekraftsmåla er integrert i kommunedelens samfunnsplan
- Funn frå bruk av KS/SSB-taksonomien på U4SSC-indikatorane
- Forslag til supplerande indikator*ar/sett
Vi tar imot søknader for neste års program
Det er mogleg å sende søknad for å vere med i programmet i 2023/2024. Kjenner du nokon som er nyutdanna og bør søke? Her finn du meir info om programmet og søknadsprosessen.
Anna nytt
Senter for Berekraftig areal- og naturforvaltning – SEBAN har fått nye heimeside. Sjekk den ut her.
Miljødirektoratet sine klimasatsmidlar har søknadsfrist 1.mars 2023. Det er i år satt av 100 millionar. Ta gjerne ein titt og sjå om nokon av midlane kan passe.