Sjå Lady Arbuthnott i musikkvideo

I mai oppretta vi ei tilskotsordning for halde aktiviteten oppe i kunst- og kulturlivet i Møre og Romsdal i koronatida. Ein av dei som fekk støtte, var JazzåTeatret Produksjon AS som i år måtte avlyse oppsettinga av Lady Arbuthnott – Frua på Elverhøy.

Skriv ut

Midlane frå fylkeskommunen gjekk til ei innspeling av musikkvideo «Herre min Gud, for en dal du har skapt». Resultatet kan du nyte her.

Nokre av dei flinkaste fotografane i landet var hyra inn for å filme kjente rollefigurar frå framsyninga ute i storslått natur i Sunndal.

Videoen skal mellom anna brukast til profilering/marknadsføring av framsyninga og av kommunen og fylket.

I tillegg har JazzåTeatret Produksjon AS også utvikla andre digitale produksjonar, som ligger på ladyarbuthnott.no.

Sjå kva andre kulturaktørar som har fått støtte frå fylkeskommunen.