Sju tiltak på lista over trafikktrygging i 2022

For til saman fire millionar kroner skal trafikkforholda bli tryggare i Rauma, Herøy, Hustadvika, Averøy, Ulstein, Smøla og Sula.

Skriv ut

Fylkeskommunedirektøren ønsker å gjennomføre sju mindre trafikktryggingstiltak i 2022. Tiltaka er prioritert etter innspel frå fagmiljøet i fylkeskommunen, kommunar og bebuarar rundt om i fylket. Det er satt av fire millionar kroner per år til mindre trafikktryggingstiltak på fylkesvegane.

Saka skal behandlast i samferdselsutvalet onsdag 1. september.

Her er innstillinga frå fylkeskommunedirektøren i prioritert rekkefølge:

  1. Fv. 64, Åndalsnes i Rauma: Trygge forholda for mjuke trafikantar ved å stramme opp krysset ved Teglverksvegen og flytte gangfeltet lengre vekk frå brua. Kostnadsoverslag: 800.000 kroner.
  2. Fv. 654, Myklebust i Herøy: Legge betre til rette for mjuke trafikantar langs fylkesveg 654 mellom bensinstasjonen og krysset med Mikkelhaugen. Skoleveg. Kostnadsoverslag: 1.000.000 kroner.
  3. Fv. 663, Elnesvågen, Hustadvika: Legge betre til rette for mjuke trafikantar i krysset med Holamyra og Kråknesvegen. Det må bygges ein liten bit gang- og sykkelveg/fortau samt etablere eit kryssingspunkt over fv. 663. Kostnadsoverslag: 1.000.000 kroner.
  4. Fv. 64, Bruhagen, Averøy: Oppgradere veglysanlegget gjennom Bruhagen sentrum. Kostnadsoverslag: 500.000 kroner.
  5. Fv. 61, Botnen, Ulstein: Oppgradere belysning gjennom Botnen. Kostnadsoverslag: 100.000 kroner.
  6. Fv. 6200, Hopen, Smøla: Legge betre til rette for mjuke trafikantar gjennom uoversiktleg sving, samt fjerne utstikkande bergnabbar. Kostnadsoverslag: 500.000 kroner.
  7. Fv. 61, Sulavegen X Solevågseidet, Sula: Oppgradere veglysanlegget i krysset mellom Sulavegen og Solevågseidet. Kostnadsoverslag: 100.000 kroner.

Kostnadsoverslaga er grove, og viss detaljprosjekteringa viser at nokre av tiltaka blir dyrare, vil prosjektet/prosjekta med lågast prioritering bli overført til 2023.

Snarvegar

Kontakt