Skal bygge eit godt, strategisk leiarteam for kompetanse- og næringsområdet

- No treng vi dyktige leiarar som kan vere motorar i arbeidet med å utvikle kompetanseområdet og styrke arbeids- og næringslivet i regionen, seier fylkeskommunens nye kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken.

Skriv ut

Vårt mål er å hente ut synergiar ved å samle ressursar innafor kompetanse- og næringsutvikling i eitt felles fag- og tenesteområde. Etablering av kompetanse og næring som nytt fag- og tenesteområde inneber at vi frå 01.10.2020 ikkje lenger har ei utdanningsavdeling eller ei regional- og næringsavdeling. Vi har heldigvis et veldig godt fundament med to avdelingar som fungerer godt i dag.

Møre og Romsdal fylkeskommune skal no rekruttere assisterande kompetanse- og næringsdirektør og næringssjef, to utfordrande stillingar som saman med kompetansesjefen inngår i det nye leiarteamet til kompetanse- og næringsdirektøren.

Vil møte framtidas behov

Bakgrunnen for at desse to stillingsutlysingane er at fylkeskommunen har gjennomført ei omorganisering, der ansvaret for vidaregåande opplæring, fagskole og næringsutvikling er samla i ei kompetanse- og næringsavdeling. Målet med den nye organiseringa er å legge til rette for eit utdanningsløp som er tilpassa arbeids- og næringslivet sitt framtidige behov, men og å styrke dei vidaregåande skolane sin pådrivarrolle for å utvikle robuste lokalsamfunn og regionar.

– Skal vi lykkast med dette, krev det ei heilskapleg utvikling av kompetanse- og næringsområdet. Eit strategisk godt leiarteam som løftar blikket, er nyskapande og som mobiliserer til eit verdiskapande samarbeid både internt i eigen organisasjon og ut mot samfunn, arbeids- og næringsliv vil vere ein avgjerande suksessfaktor, seier Brekken.

Nye arbeidsformer

- Vi skal  vere i kontinuerleg utvikling. Vi skal skape noko nytt, samstundes som vi bygger vidare på det beste vi har i dag. Vi skal skape synergiar både internt i organisasjonen, og ut mot nærings- og samfunnsliv. Vi blir utfordra på det etablerte, og vi vil tileigne oss nye perspektiv og nye måtar å arbeide og samhandle på. Dette vert både krevjande og spennande, og det nye leiarteamet vil vere premissleverandørar i denne endringa. Skal vi få til dette, vil det krevje både påverknad og medverknad frå dei tilsette og dei vi samhandlar med, seier Brekken entusiastisk.

Ei tettare kopling mellom utdanning og næringsutvikling skal gi smarte synergiar

Gjennom breie plan- og strategiprosessar både på politisk og administrativt nivå har vi lagt eitt godt fundament for vidare utvikling av vår organisasjon, våre tenester og Møre og Romsdal som bo- og arbeidsmarknadsregion. Regional- planstrategi, fylkesplan 2021-2024 med tilhøyrande fylkesstrategiar og handlingsprogram, gir saman med ny organisasjonsstrategi tydeleg retning for vårt arbeid.

-Vi treng eit sterkt arbeids- og næringsliv i fylket vårt. Skal vi vere ein regional utviklingsaktør og bidra til at vi har ein sterk posisjon må vi halde fram med å vere i front. Vi må utvikle heilskaplege utdanningsløp og levere kompetanse som matchar behova som finst rundt om i Møre og Romsdal. Eg trur ei tettare kopling mellom kompetanse og næringsutvikling vil gi smarte synergiar som støttar opp om bulyst, samfunns- og næringsliv, høgare utdanning og forsking,  avsluttar Brekken.

Sjå fullstendig utlysing til stillinga som ass.kompetanse- og næringdirektør her

Sjå fullstendig utlysing til stillinga som næringsjef her

________________________________________________________________________________

Fakta om kompetanse- og næringsområdet:

  • Kompetanse og næringsdirektøren har det overordna ansvar for fagområdet.
  • Kompetanse- og næringsområdet har eit årleg budsjett på ca. 1,8 mrd. kroner.
  • Kompetanse- og næringsområdet har ansvar for 10 000 elevar, 2000 lærlingar,  nesten 400 studentar i fagskolen
  • Vi har vel 2000 tilsette innanfor fag og tenesteområdet.  Om lag 1925 ved dei vidaregåande skolane, og 85 i kompetanse- og næringsavdelinga.
  • Ass.kompetanse- og næringsdirektør har ansvar for plan- og rapporteringsarbeid, overordna økonomiansvar, strategisk leiarstøtte og utviklingsarbeidet innafor fag – og tenesteområdet.
  • Kompetansesjefen har ansvar for inntak, opplæring i skole, karriere og oppfølging og 23 vidaregåande skolar.
  • Næringssjefen har ansvar for opplæring i bedrift, energi- og grøn omstilling, marin og naturressurs, internasjonalisering, næringsutvikling, høgare utdanning og forsking, samt fagskolane i fylket.

 

Dokumenter

Kontakt