- Skaparkraft er ei heilt nødvendig satsing
Fylkeskommunedirektøren vil styrke eksportnæringane i Møre og Romsdal. Med Skaparkraft 2022-2032 vil han stimulere til utvikling av nye næringar gjennom ei spissa satsing på grøne industrielle løft, kompetanse, teknologi og energi.
Saka skal til politisk behandling i fylkesutvalet førstkomande tysdag, og i fylkestinget 6.-8. desember.
- Det er ei heilt nødvendig satsing for å styrke eit næringsliv som vi er heilt avhengige av i Møre og Romsdal, seier næringssjef Hilde Aspås og næringspolitisk rådgivar Helge Hegerberg i Møre og Romsdal fylkeskommune.
- I verdsmeisterskap dagleg
Møre og Romsdal er eit av dei viktigaste industrifylka i Noreg og har landets mest eksportretta næringsliv.
- Eg trur ikkje alle forstår at vi i Møre og Romsdal kvar dag deltar i eit verdsmeisterskap, seier næringssjefen.
Eksportnæringane i Møre og Romsdal må gjennom ei omstilling. Det må leggast til rette for at bedriftene investerer i grøne, berekraftige løysingar og produkt som kan kommersialiserast globalt.
- Vi må hjelpe næringslivet
Fylkeskommunen har ei rolle som regional utviklingsaktør, og fylkeskommunedirektøren vil bidra for å hjelpe bedriftene gjennom det grøne skiftet. I november i år blei programmet Skaparkraft 2022-2032 presentert.
- Programmet tar opp i seg omstilling i fleire næringar samtidig. Det er gjennomgripande endringar som må til, og våre midlar må bli para med andre nasjonale midlar for å få opp dei store prosjekta. Vi må hjelpe næringslivet til å få til dette, seier Aspås og Hegerberg.
Den økonomiske ramma er 15 mill. kroner årleg i økonomiplanperioden. Aldri før har fylkeskommunen lagt opp til ei så stor og tung programsatsing som med Skaparkraft. Men satsinga er nødvendig, meiner dei to:
- Vi er tidleg ute i Møre og Romsdal, og vi har bestemt oss for å finne ein veg som skal løfte oss, seier Aspås og Hegerberg.
Ramma av Covid-19
Bakteppet er alvorleg: Seinvinteren i 2020 ramma Covid-19-pandemien delar av næringslivet i fylket, som hadde behov for hjelp. Fylkestinget vedtok i juni 2020 å auke innsatsen på langsiktig omstilling av næringslivet, med særleg vekt på eksportnæringane.
Klima- og miljøkrisa har forsterka endringane i verdshandelen og -marknader, og det som starta som eit prosjekt med brei innfallsvinkel på eksportnæringane, er utvikla til eit langsiktig program over ti år med tydelege satsingsområde for å styrke næringslivet.
Dette er Skaparkraft 2022-2032
Skaparkraft legg opp til fire delprogram. For 2022 prioriterast følgande tiltak.
- Grøne industrielle løft
- Teknologi, utstyrs- og skipsleveransar til fiskeri, havvind, havbruk, transport etc.
- Auka foredling og ny næring av råstoff frå havet
- Auka foredling og ny næring av råstoff frå landbruket
- Smart teknologi
- Utvikle digitale verktøy og infrastruktur til bruk i forretningsutvikling og -oppskalering
- Nye forretningsmodellar basert på digitale verktøy for auka marknadstilgang
- Gjennomføre prosjektverksted med næringsliv, kommunar, akademia og virkemiddelapparatet for utvikling av FoUi-prosjekt
- Kompetanse i- og for næringslivet
- Kunnskapsinnhenting – innhente kompetansebehov i næringslivet
- Utarbeide kompetansestrategi
- Energi
- Kartlegge og stimulere til fornybar energiproduksjon og -bruk (hydrogen, sol, vind, biogass)
- Utarbeide strategisk plan for ladepunkt og energistasjonar i Møre og Romsdal