Skaper aktivitet på biblioteka, vil ha tilbake besøkande
Biblioteka og frivillige organisasjonar skal samarbeide om livslang læring. Håpet er at tre regionale samlingar også skal bidra til auka bibliotekbesøk.
Som i resten av landet har talet på besøkande på biblioteka gått kraftig ned under pandemien. Tal frå fylkesstatistikken viser at besøket på biblioteka i fylket falt med 36 prosent frå 2019 til 2020. På landsbasis er nedgangen på 38 prosent.
Rådgivar bibliotek Anne Askeland ved kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune seier at nedgangen skuldast pandemien.
- Dei fleste bibliotek har hatt heilt stengt i periodar, nokon har hatt take-away-teneste med utlevering av bøker. Andre har hatt begrensa antall personar på besøk i gongen. Og enkelte kombinasjonsbibliotek har berre opna for skolane i periodar, seier Askeland.
Tar i bruk biblioteka
No skal biblioteka igjen takast meir i bruk. Denne veka startar ein serie på tre regionale samlingar. I Tingvoll, Sykkylven og Volda skal tilsette på biblioteka og personar frå frivillige organisasjonar saman med Voksenopplæringsforbundet møtast for å sette søkelyset på livslang læring i biblioteka, og på biblioteka som kunnskapsaktørar.
- Vi håpar at samlingane kan vere eit stad for å knytte nye nettverk og opprette nye samarbeid. Frivillighetens år blir feira i 2022, og vi håper at samlingane kan vere eit grunnlag for å få starta opp både nye og gamle samarbeid - og for å få meir aktivitet i biblioteka etter koronapandemien, seier Askeland.
Fell utanfor systemet
Tema for samlingane er mellom anna ungdom og unge vaksne som fell utanfor systemet og ikkje tek del på skule eller i arbeidslivet, og korleis biblioteka kan vere ein ressurs for dei eldre i befolkninga. Det vil vere ei erfaringsutveksling mellom bibliotek og frivillige organisasjonar.
Her er datoane for møta:
28. oktober: Tingvoll - kommunehuset på Tingvoll
3. november: Sykkylven - kulturhuset i Sykkylven
4. november: Volda - lokala til Sanitetslaget i sentrum (Halkjelsgata 16)
Besøk på biblioteka i kommunane i fylket i 2019 og 2010
Kommune | 2019 | 2020 | Endring |
Aukra | 8 475 | 5 000 | -41 % |
Aure | 6 972 | 4 151 | -40 % |
Averøy | 7 949 | 4 219 | -47 % |
Eide | 4 144 | ||
Fjord | 5 572 | ||
Fræna | 14 720 | ||
Giske | 15 318 | 9 912 | -35 % |
Gjemnes | 3 768 | 2 256 | -40 % |
Halsa | 2 798 | ||
Haram | 20 335 | ||
Hareid | 20 303 | 13 685 | -33 % |
Herøy | 22 853 | 15 889 | -30 % |
Hustadvika | 13 334 | ||
Kristiansund | 84 306 | 57 158 | -32 % |
Midsund | 3 217 | ||
Molde | 93 388 | 57 233 | -39 % |
Nesset | 3 663 | ||
Norddal | 4 583 | ||
Rauma | 21 610 | 14 325 | -34 % |
Sande | 4 500 | 3 750 | -17 % |
Sandøy | 7 969 | ||
Skodje | 16 354 | ||
Smøla | 21 800 | 17 500 | -20 % |
Stordal | 2 480 | ||
Stranda | 10 000 | 4 500 | -55 % |
Sula | 29 022 | 20 357 | -30 % |
Sunndal | 30 737 | 25 000 | -19 % |
Surnadal | 24 592 | 7 652 | -69 % |
Sykkylven | 16 597 | 8 125 | -51 % |
Tingvoll | 19 596 | 7 104 | -64 % |
Ulstein | 65 995 | 33 240 | -50 % |
Vanylven | 4 000 | 3 825 | -4 % |
Vestnes | 30 766 | 21 841 | -29 % |
Volda* | 35 000 | 24 000 | |
Ørskog | 4 341 | ||
Ørsta | 28 480 | 18 410 | -35 % |
Ålesund | 227 492 | 185 161 | -19 % |
Møre og Romsdal | 918 123 | 583 199 | -36 % |
Landet | 25 851 121 | 15 911 969 | -38 % |
*Inkl. Hornindal frå 2020 Kjelde: Fylkesstatistikken for Møre og Romsdal |
|