- Skolane må sikre elevane sitt psykososiale læringsmiljø under heimeundervisning
Dette anbefaler elev- og lærlingombodet i Møre og Romsdal. Ho etterlyser også betre rutinar for ei inkluderande russetid og for oppfølging av lærlingar.
Anbefalingane kjem fram i årsrapporten 2019-2020 til elev- og lærlingombodet i Møre og Romsdal, Tove Regine Stranden, som no lagt fram til politisk behandling i fylkesutvalet.
Ombodet skal gi råd, støtte og rettleiing til elevar og lærlingar som opplever utfordringar i vidaregåande opplæring. I pandemiåret har det blitt meldt inn færre spørsmål og saker, men ho har merka seg at mange elevar ikkje visste kor dei skulle spørje om hjelp om noko var vanskeleg heime eller på skolen. Mange elevar har også sakna kontakt med medelevar i perioden skolen var stengd.
Som i tidlegare år har ombodet fått inn flest saker frå lærlingar, noko som syner at det er stor variasjon i oppfølginga for denne gruppa.
Må halde oppe trykket
Ombodet har i tillegg desse anbefalingane i årsrapporten:
- Sjå på korleis fylkeskommunen arbeider med Barnekonvensjonen både i det førebyggande arbeidet og i enkeltsaker. Har dei tilsette god nok kompetanse om krava i konvensjonen?
- Sjå på korleis barn og unge blir involvert i det arbeidet som fylkeskommunen gjer.
- Vurdere om skolane har god nok kompetanse på dei ulike perspektiva på førebygging og handtering av mobbing.
- Vurdere om alle som følger opp lærlingar kjenner godt nok til kvalitetssystemet, spesielt rutinar om det oppstår utfordringar hos lærlingen eller i bedrifta.
- Det må utarbeidast rutinar for å fange opp lærlingar som kan vere særskilt sårbare og følge dei ekstra tett i læretida
- Sjølv om det overordna inntrykket er at opplæringa i den vidaregåande skolen i fylket er god, er det viktig å belyse område der ordningar ikkje fungere slik det er tenkt, der ungdommar fell mellom to stolar. Det er ofte desse sakene vi jobbar med. I mange tilfelle handlar det om ungdommar som ikkje orker, kan eller vil si ifrå sjølve. Vi må halde opp trykket på å skape gode rammer for opplæring i bedrift, og vi må fortsette arbeidet med elevmedverknad og gode skolemiljø på dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal, seier Stranden.