Skoleelevar ga råd til politikarar og toppleiarar
Lag fadderordningar på dei vidaregåande skolane, og etabler eit lågterskel idrettstilbod for ungdom. Det var nokre av råda frå ungdom til politikarar og toppleiarar under Nyttårskonferansen.
Temaet var psykisk helse, inkludering av barn og unge, og å unngå utanforskap.
På Nyttårskonferansen i førre veke fekk Emma Rasmussen, Dagny Ulstein Røyset, Dennis Høybakk og Martin Hatløy frå Spjelkavik videregående skole moglegheit til å fortelje kva dei meiner er viktig for å unngå at ungdom opplever utanforskap.
Ungdomane var før jul deltakarar på Framtidsmøtet 2022. Møtet er i regi av Kronprinsparet fond, som blant anna jobbar for bidra til fellesskap og inkludering av unge i samfunnet – og at dei unge sin stemme skal bli løfta fram. Møtet skal gi unge moglegheit til å drøfte aktuelle tema og formidle sine synspunkt til beslutningstakarar.
Temaet for Framtidsmøtet 2022 mellom 50 ungdomar frå heile landet, var ungdom og psykisk helse.
Viktige punkt frå elevane
Råda frå elevane var:
- Lag ei fadderordning for å gjere overgangen frå ungdomsskole til vidaregåande skole lettare. Mange føler på einsemd og slit med å finne seg til rette.
- Knyt russen saman: Russetida bidreg stort til utanforskap. Fylkeskommunane må ta ansvar for å skape ei inkluderande feiring.
- Tradisjonell skolegang passar ikkje for alle. Alternativa må bli betre kjend.
- «The Club»: Lag eit lågterskeltilbod utanfor skoletida. Unge utan pengar saknar sosiale arenaar.
- Lag eit lågterskeltilbod for gutane. Gutane slit meir enn vi trur.
- Lag lågterskel tilbod i idretten. Ein sosial arena for dei som vil drive med idrett utan å måtte satse.
Nyttårskonferansen 2023 blei arrangert 10.-11. januar på Scandic Seilet i Molde. I år var det rekord i talet på deltakarar; 155 personar. Og alle kommunar i fylket var representert.