Skolestart: Som forelder kan du bidra til eit trygt læringsmiljø
Som forelder og føresett er du ein viktig støttespelar for ungdommen din – også i vidaregåande opplæring.
- Derfor ønsker vi eit godt samarbeid mellom heim og skole, seier kompetansesjef Kariann D. Flovikholm i Møre og Romsdal fylkeskommune, som eig og driv dei vidaregåande skolane i fylket.
Kompetansesjefen har skrive eit brev til foreldre og føresette der ho ønsker velkommen til skolestart (sjå dokument på denne sida). Brevet er ein invitasjon til samarbeid, og tips om kva foreldre og føresette kan bidra med og involvere seg i for å gjere samarbeidet med skolen best mogleg.
- Skolane vil invitere deg til foreldremøte slik at du får bli kjent med skolen og skolekvardagen og gi deg informasjon om korleis du kan bidra som føresett, skriv ho.
I brevet blir det lagt stor vekt på samarbeidet mellom heim og skole for å gi elevane eit godt og trygt skolemiljø for elevane. Alle elevar har rett på eit godt og trygt læringsmiljø, og skolane arbeider heile tida for at denne retten skal vere oppfylt. Men dersom føresette opplever at ungdommen ikkje har det bra, skal dei vite kven dei kan kontakte.
- Viss du trur eller veit at ein elev ikkje har det trygt og godt på skolen, vil vi gjerne vite om det så tidleg som mogleg slik at vi kan hjelpe eleven, skriv ho i brevet.