Slår seg saman til felles konferanse for kunnskap og verdiskaping

Hausten 2020 slår to viktige konferansar seg saman til ein. Verdiskaperkonferansen og Campuskonferansen inviterer i fellesskap til eit spanande program, med tema «verdien av kunnskap». 2. oktober brakar det laus i Kulturfabrikken i Kristiansund.

Skriv ut

-2020 er på mange måtar eit annleis år. No fekk vi moglegheita til å ta det beste frå to viktige konferansar og slå det saman til éin, seier adm. direktør Odd Einar Folland i SpareBank 1 Nordvest. 

Idéen om å forene næringslivet og campusutvikling til felles konferanse kom frå Folland, som på vegner av banken hadde begynt å planlegge for den 11. Verdiskaperkonferansen. 

Logo med teksten verdien av kunnskap

Som medlem av styringsgruppa for Campusprosjektet, var han også involvert i  Campuskonferansen. Den skulle eigentleg gått av stabelen denne veka men vart utsett til hausten på grunn av covid-19. Og Verdiskaperkonferansen hadde blinka seg ut 2. oktober som dato. Kvifor ikkje da gå saman og lage felles opplegg?

Fylkeskommunen tente med ein gong på idéen.

-  Poenget med å etablere Campus Kristiansund er jo å legge til rette for verdiskaping og utvikling gjennom kunnskap, seier Roland Mauseth, prosjektleiar for Campus Kristiansund. 

- Når næringslivet deltar i eit felles utviklingsmiljø med andre bedrifter, og har god tilgang til studentar og forskarar, gir det helt nye moglegheiter. Kunnskap og verdiskaping heng tett saman, og en felles konferanse kjennest veldig riktig der vi står akkurat nå.

Jobbar med programmet

Årets program blir variert og spenner vidt, frå ei oppdatering på verdsbildet, til det som skjer av kunnskapsutvikling og verdiskaping i vår eigen region. 
- Vi held på med å lande dei siste innleiarane, og kan ikkje avsløre alt enno. Men vi reknar med å kunne presentere fleire solide trekkplaster frå norsk næringsliv, politikk og akademia, seier Folland. Fleire av desse har lokal tilhøyre. 

Allereie no er det klart at Elisabeth Holvik kjem. Sjeføkonomen i SpareBank 1 er ein av landets dyktigaste til å teikne det økonomiske verdskartet på lettfatteleg vis. Ho er i tillegg med i ekspertutvalet som skal gi Regjeringa råd om korleis norsk økonomi skal komme seg etter koronapandemien. 

Smøla-væringen Bjørnar Iversen kjem også, for å snakke om innovasjon, kunnskap og berekraft. Iversen, med brei leiarerfaring frå riggbransjen globalt, har som investor tatt store grep for utvikling av lokalmiljøet på Smøla. 

Berekraft

Berekraft er eit viktig tema for alle samfunnssektorar, og til konferansen kjem Kari Aina Eik, leiar for FN-prosjektet for smarte berekraftige byer (U4SSC), der Møre og Romsdal har ei viktig rolle som det første berekraftfylket i landet.

-Du får sjølvsagt også høyre siste nytt om utviklinga av Campus Kristiansund, både når det gjeld bygget og fagmiljøa som blir utvikla, seier Mauseth. 

Det er også klart at Smøla vil ha ei rolle i programmet gjennom dagen. Dette er den same helga Smøla-folket kjem til  fastlandet med sin årlege meny av kultur- og matinnslag. Derfor er det viktig å knytte arrangementa saman. Her vil det også kome fleire detaljar etter kvart.  Før Verdiskaperprisen 2020 blir delt ut, kjem Smøla kommune for å halde foredraget sitt som vinnar av fjorårets pris. 

Konferansen vil bli streama. Informasjon om billettar vil bli lagt ut fortløpande i sosiale medium og på banken og fylkkeskommunen sine nettsider. 

Kontaktpersonar
Odd Einar Folland, adm. direktør SpareBank 1 Nordvest, telefon 913 23 360
Roland Mauseth, prosjektleder Campus Kristiansund, telefon 917 21 401