Slik skal kollektivtilbodet bli betre når det nye sjukehuset på Hjelset er ferdig
Ekstra rundturar med FRAM Ekspress mellom Kristiansund og Hjelset, og eit forsterka tilbod på linje 714 mellom Molde og Hjelset/Kleive.
Det er forslaget frå fylkeskommunedirektøren for å betre kollektivtilbodet frå våren 2025 når det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset står ferdig.
Samferdselsutvalet får saka til behandling onsdag 29. mars. Saka skal deretter til behandling i fylkesutvalet 13. april og til endeleg avgjerd i fylkestinget 24. april.
Rapport om kollektivbetjening
På oppdrag frå FRAM har rådgivingsselskapet Strategisk Ruteplan AS, i samarbeid med Rambøll, utarbeida ein rapport som omhandlar kva transportbehovet til det nye sjukehuset vil vere frå Molde og Kristiansund, og kva ei hensiktsmessig kollektivbetjening vil vere. Av rapporten går det fram at tilsette vil vere den viktigaste målgruppa for rutetilbodet. Data frå Helse Møre og Romsdal viser at fordelinga av tilsette er 2/3 frå Molde og 1/3 frå Kristiansund.
Styrker to linjer
I rapporten er det lagt fram tre alternative løysingar for kollektivtilbodet til sjukehuset, og tilrådinga er å styrke desse avgangane når sjukehuset står ferdig:
- Linje 714 (Molde-Hjelset/Kleive): Eit oppgradert rutetilbod som tar utgangspunkt i start/slutt på arbeidsskifta. Arbeidsrutene startar frå dagens Molde sjukehus. Avgangstidene på linje 714 blir endra slik at linje 100 (FRAM Ekspress Kristiansund-Molde-Ålesund-Volda) og 714 ikkje har parallelle avgangar, som gir ein høgare frekvens på strekninga Molde-Hjelset.
- Linje 100 Kristiansund-Hjelset (-Molde): Ekstra rundturar på linje 100 må tilpassast arbeidsstart- og slutt på sjukehuset (Kristiansund-Hjelset). Det kan vere aktuelt å sette inn ein til to ekstra avgangar frå Kristiansund om morgonen, og tilsvarande tilbake om ettermiddag. Det bør vurderast å forlenge dei ekstra avgangane til Molde dersom dette kan bli tilpassa på ein god måte.
Tilpassa arbeidstida for tilsette
Styrkinga av dei to linjene «vil gi eit kollektivtilbod som er tilpassa arbeidstida for tilsette, og kan bidra til å oppnå auka marknadsandel og nå mål om transportmiddelfordeling», skriv fylkeskommunedirektøren i saksframlegget.
Fylkeskommunedirektøren foreslår at ruteendringa på linje 714 blir gjennomført som planlagt innanfor allereie vedtatt auke i budsjettramme på 12 mill. kroner. Auka produksjon på linje 100 blir lagt inn i budsjett- og økonomiplan for 2024-2027 med ei årleg auka kostnadsramme på 5 mill. kroner frå og med opning av sjukehuset.