Søkartala er klare: Fleire ungdomar søker yrkesfag

Då søknadsfristen gjekk ut 1. mars, hadde 3671 ungdommar søkt om skoleplass på Vg1. Fleire søker yrkesfag, færre søker studieførebuande.

Skriv ut

- 59 prosent av søkarane til vg1 har søkt yrkesfag. Dette er gledeleg, seier kompetansesjef Kariann D. Flovikholm.

Totalt er det 135 færre søkarar enn i fjor, men det skuldast i hovudsak at ungdomskullet i 10. klasse er mindre enn i fjor.

Populære yrkesfag

På yrkesfag har flest søkt Vg1 helse- og oppvekstfag og Vg1 teknikk- og industrifag. Samla har desse to utdanningsprogramma 1075 søkarar. Det betyr at nesten kvar tredje søkar vel eit av desse to utdanningsprogramma. IT og medieproduksjon og  naturbruk har størst auke i prosent, medan elektro og datateknologi og handverk, design og produktutvikling har den svakaste.

Færre søker studieførebuande utdanningsprogram

Dei studieførebuande utdanningsprogramma har ein samla nedgang i søkartala på 11 prosent. Berre utdanningsprogrammet kunst, design og arkitektur har ein auke i søkartala, medan studiespesialisering, idrettsfag, medier og kommunikasjon og musikk, dans og drama har ein nedgang.

Studiespesialisering er framleis det mest søkte utdanningsprogrammet med 1051 søkarar, det er likevel ein nedgang på om lag  100 søkarar frå fjorårets søkartal.

Utdanningsprogrammet  medier og kommunikasjon har fortsatt ein stor nedgang.

Vel tradisjonelt

Det er ikkje store endringar i kjønnsfordelinga mellom studieførebuande og yrkesfaga. Søkarane vel framleis tradisjonelt. Gutar søker til elektrofag, bygg og anleggsteknikk og teknikk og industriell produksjon, mens jentene søker til design og handverk, kunst, design og arkitektur, musikk, dans og drama og helse- og oppvekstfag.

Nær 62 prosent av søkarane til studiespesialisering er jenter.

Fleire har søkt læreplassar

1246 har søkt læreplass i 2021. Det er ei lita auke frå i fjor. Auken er jamt fordelt på dei fleste faga,  medan helsearbeidarfaget og tømrarfaget har ein liten nedgang.

Snarvegar

Kontakt