Søker om å få drive Gripruta

Kristiansund Kommunale Sundbåtvesen søker om å få drive båtrute mellom Kristiansund og Grip.

Skriv ut

Gripruta har dei seinare åra vore drifta av selskapet Grip Shipping AS. Når Grip Shipping no har sagt opp avtalen og seld fartøyet, har sundbåtvesenet bestemt seg for sjølv å ta hand om Gripruta.

Fleire har fritidsbustad på Grip, samtidig som det også er pågang frå turistar for å oppleve dette unike øyværet. Det er difor viktig for kommunen å få etablert båtrute til Grip før sommarsesongen tek til.

Fylkeskommunedirektøren er positiv til søknaden, og innstiller på løyve for ti år, under nokre vilkår, blant anna:

  • Fartøy og mannskap som blir nytta i rutedrifta må til ei kvar tid innfri alle krav stilte av norske sjøfartsstyresmakter
  • Fartøyet må som eit minimum ha tilkomst for rullestolbrukarar, handikaptoalett og teleslynge. Skilting og merking om bord må vere tilpassa svaksynte
  • Selskapet må inngå eigne avtalar om bruk/anløp av kaier

Kristiansund kommunale sundbåtvesen har kjøpt inn båten «Færdercruise» til å trafikkere ruta. Onsdag var sundbåtvesenet sin daglege leiar Arild Dybå-Eidem i Tønsberg for å overta fartøyet. Det får namnet MS «Kvikk».

For å drive persontransport i rute med motorvogn eller fartøy, må ein ha løyve. I denne saka er det Møre og Romsdal fylkeskommune ved samferdselsutvalet som er løyvestyresmakt.

Samferdselsutvalet behandlar saka tysdag 3. mai.

Snarvegar

Kontakt