Søker om løyve for båtrute på Romsdalsfjorden

The Northwest Experience AS planlegg båtruter på Romsdalsfjorden. No har selskapet frå Harøy søkt Møre og Romsdal fylkeskommune om løyve.

Skriv ut

I søknaden skriv The Northwest Experience AS at dei vil drifte både ei sommar- og ei vinterrute. Dei vil tilby ei fast rute mellom Molde, Åndalsnes og Vestnes som kan gå heile året, samt ei sommarrute på Romsdalsfjorden mellom Molde, Åndalsnes, Vestnes, Veøya, Hjertøya og Midsundtrappene (med moglegheit for for Nesjestranda, Åfarnes og Sekken på signal).

Reiseliv i stor vekst

Dei grunngir søknaden med at reiselivet i regionen er i sterk vekst, og viser til den store satsinga i Rauma og masterplansatsinga på opplevingar i reiseliv i Molde-regionen.

«I tillegg er det et stort savn på raskere transport enn bil og ferge mellom byene og tettsteder rundt Romsdalsfjorden. Dette er særdeles viktig for å forlenge sesongen for reiselivet som jobber med å få til helårlige produkter i rundt Romsdalsfjorden. Ei fast rute vinterstid vil i tillegg til reiselivet, kunne være et tilbud til pendlere, studenter og andre som ønsker raskere transport», skriv dei i søknaden.

Sommarruta

Om sommarruta skriv dei blant anna at ho skal køyre kvar dag mellom Vestnes, Molde og Åndalsnes. Det vil gjere fjella i Rauma, Hjertøya, Veøya, Midsundtrappane og byen Molde tilgjengelege for langt fleire. Frå medio juni til medio august skal ruta gå kvar dag til og frå Vestnes, Molde og Åndalsnes, og alle dagar til Hjertøya. I juni og august to dagar til Veøya og Midsundtrappane. I juli fire dagar til Veøya og tre dagar til Midsund.

Vinterruta

Vinterruta vil gå frå medio august til medio juni. Selskapet skriv i søknaden at «Ruta starter i Vestnes og kan fange opp markedet for pendlertrafikk til Molde på morgenen. Fra Molde vil ruta gå til Åndalsnes, samt ta med folk i retur til Molde. Samme rute vil gå på ettermiddag slik at det er mulig å hente folk igjen fra hvert reisemål.»

MS Lagertha

Selskapet ser føre seg å trafikkere ruta med fartøyet MS Lagertha, eit fartøy på 15 meter med kapasitet på 50 passasjerar.

Fylkeskommunedirektøren innstiller på å gi selskapet løyve for ti år, men under nokre vilkår, blant anna at fartøy og mannskap som blir nytta i ruteverksemda til ei kvar tid må innfri alle krav stilte av Norske sjøfartsstyresmakter, at selskapet må inngå eigne avtaler om bruk/anløp av kaier og at fartøyet minst må fylle krav til universell utforming etter forskrift.

For å drive persontransport i rute med motorvogn eller fartøy, må ein ha løyve. I denne saka er det Møre og Romsdal fylkeskommune ved samferdselsutvalet som er løyvestyresmakt.

Søknaden blir behandla av samferdselsutvalet tysdag 3. mai.

Snarvegar

Kontakt