Søkjer entreprenørar til ny rundkøyring i Sykkylven

Møre og Romsdal fylkeskommune har lyst ut kontrakten på bygging av ny rundkøyring i krysset mellom Fv. 60 og Dalevegen i Sykkylven.

Skriv ut

Kontrakten inneheld også utbetring av veglysa i området. Både i Dalevegen og nord og aust for rundkøyringa blir det LED-armatur. Påkøyringsfarlege lysmaster blir bytta til master som bøyer av og ikkje skadar trafikantane ved ei påkøyring. 

Tryggare kryssing ved skulane

Som ein del av prosjektet skal kryssinga av Dalevegen ved Aure skule også bli tryggare. Sikten blir betre ved at fotgjengarovergangen blir flytta litt og får betre lys. 

Vil ha lite hindring for trafikken

Det er høg trafikk på fv. 60 gjennom Sykkylven. Det er automatisk trafikkteljing på Hjellegjerde og i Aure sentrum. Dei viser at det i gjennomsnitt køyrer 3600 køyretøy i døgnet på fv. 60 ved Hjellegjerde og 5700 køyretøy i døgnet på fv. 60 i Aure sentrum.

- I kontrakten legg opp til at bygginga skal hindre trafikken minst mogleg. Men når vi bygger ei rundkøyring på ein veg med høg trafikk, vil det gå treigare forbi og i periodar kan det bli nokre hindringar. Så i byggeperioden bør trafikantane legge inn nokre minutt ekstra i køyretid, spesielt om dei skal rekke ferja, seier byggeleiar Kristian Bjørdal i Møre og Romsdal fylkeskommune.  

Trafikktryggleik

Gang- og sykkelvegane i området er skulevegen for mange elevar i grunnskulen og vidaregåande skule. Det blir lagt til rette for at dei skal vere trygge også under bygginga.

- Bygginga skal ikkje gjere skulevegen farlegare. Vi skal legge til rette for at dei kan gå og sykle trygt når vi bygger. Så veit vi at spesielt dei yngre borna synes anleggsmaskiner er veldig spanande, så vi ønskjer mellom anna å besøke dei med maskiner på skulen og informere om tryggleik før vi startar opp, fortel byggeleiaren. 

Ferdig sommaren 2023

Prosjektet er lyst ut som ein totalentreprise, som vil seie at entreprenøren som får kontrakten har ansvaret både for den tekniske planlegginga og gjennomføringsplanane. Det gjeld også tidspunktet for når byggearbeida startar. Fristen for å levere tilbod er 14. februar og entreprenøren har frist til sommaren 2023 med å levere ferdig prosjekt.

Kontakt