Sølsnes-Åfarnes får B-ferje i helgane heile året

Frå 1. januar 2022 får ferjesambandet Sølsnes-Åfarnes B-ferje på laurdagar og søndagar heile året.

Skriv ut

Gjennom 2021 har det i helgane i 19 veker – på seinhausten, vinteren og tidleg på våren – ikkje gått to ferjer over Langfjorden. B-ferja på laurdagar og søndagar på Sølsnes-Åfarnes blei kutta i samband med at drifta av ferjer og hurtigbåtar i Møre og Romsdal årleg måtte ned med 20 millionar kroner frå og med 2021. Kutta blei vedtatt i november i fjor og blei gjeldande frå 1. januar 2021.

Då kuttsaka blei lagt fram i fjor haust, hadde sambandet 30 minutts frekvens. Men frå 1. januar 2022 blir Sølsnes-Åfarnes innlemma i kontrakt «Romsdalspakken 2020-2033». Då kjem det nye og større ferjer i sambandet, og det blir 40 minutts frekvens ved ei-ferjeløysing.

I ei orientering til samferdselsutvalet skriv fylkeskommunedirektøren at han legg til grunn at politikarane i utvalet ikkje har akseptert ein lågare frekvens enn 30 minutt på helg. Han gjer merksam på at sambandet har stort innslag av næringstransport ettersom FV64 er ei hovudfartsåre ut og inn av fylket, og at det er ein del hytte- og skituristar som nyttar sambandet.

«Dersom kutt i ruteproduksjonen skal haldast fram og frekvensen vert redusert til 40 minutt, ventar vi at trafikken vil gå andre vegar på helg. Godstransporten går inn/ut av fylket på søndag, og hytte- og skituristane reiser heim på søndag kveld, og det blir lenge å vente 40 minutt til neste ferje viss ein ikkje når eller blir attståande på helg», skriv han i orienteringa, og varslar at han difor frå nyttår vil sette inn B-ferjeproduksjonen på helg når sambandet går over til ny kontrakt «Romsdalspakken».

«Kostnadane ved å auke produksjonen på rute 36 ligg innanfor fylkesvegferje ramme 65», skriv han.

Snarvegar

Kontakt