Spjelkavik-lærar får Holbergprisen for andre året på rad

Hildegunn Stokke Rasmussen ved Spjelkavik vidaregåande skole er tildelt Holbergprisen i skolen for 2022. Det er første gong nokon får prisen for andre gong.

Skriv ut

Ho får utmerkinga for rapporten «’Følte det kom til å bli litt mye’, som handlar om å forstå kva det er som gjer at elevane vel det trygge og kjente framfor meir sjølvstendige læringsprosessar.

Stokke Rasmussen er lektor med tilleggsutdanning og underviser i psykologi og sosiologi og sosialantropologi.

Fagjuryen peiker på at Rasmussen reflekterer over kva som ligg bak elevar sitt val mellom å delta i Holbergprisen i skolen eller heller følge ordinær undervisning. Ho løftar også frem spørsmål om kva læringssyn og verdiar dei nye læreplanane fremmar på elevnivå. Dette er viktige spørsmål som bør få merksemd, uttaler juryen.

Holbergprisen er ein internasjonal forskingspris– og kvart år arrangerer dei konkurranse for elevar i vidaregåande skole. Ein pris går også til lærarar.

Les meir om Holbergprisen i skolen her.

Kontakt