Stadig fleire gjennomfører vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Ferske tal viser at gjennomføringa i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal aukar. –Tala viser at vi er på rett veg. Med 80,5 prosent held vi fram den gode utviklinga med å auke gjennomføringsgraden i fylket, seier kompetansesjef Kariann D. Flovikholm.  

Skriv ut

Måndag denne veka publiserte SSB gjennomføringstala i vidaregåande opplæring for 2014-kullet. Det vil seie elevane som begynte på vidaregåande hausten 2014. –Tala er hyggeleg lesing for alle som er opptatt av utdanning i Møre og Romsdal: 80,5 prosent hadde fullført og bestått, enten med vitnemål for generell studiekompetanse eller med fag- eller sveinebrev for bestått fagopplæring, seier Flovikholm.  

Ligg over nasjonalt nivå 

Framgangen frå 2013-kullet til 2014-kullet er på 1,4 prosentpoeng. Tala for Møre og Romsdal ligg over nasjonalt nivå, som er 79,6 prosent. For studieførebuande utdanningsprogram er gjennomføringsandelen no oppe i heile 91,9 prosent, og ligg godt over landssnittet som er på 89,1 prosent. Gjennomføringsandelen for yrkesfaglege utdanningsprogram kan og vise til ei auke, og er no oppe på 69,9 prosent og ligg over landssnittet som er på 68,3 prosent. Samtidig med at gjennomføringa aukar, blir fråfallet redusert. Det var omtrent 80 færre ungdommar som slutta undervegs i opplæringsløpet i 2014-kullet enn i 2013-kullet.    

God kvalitet i opplæringa 

I saka om fylkesstrategi for kvalitet i vidaregåande opplæring i fylkestinget vart det vist til den gode kvaliteten i opplæringa i Møre og Romsdal, og at dette kjem til syne i gode resultat mellom anna i gjennomføringstala. –Lærarar og andre som er tett på elevane og lærlingane legg ned ein stor innsats for at elevane og lærlingane skal lykkast i opplæringa. Det er ingen tvil om at det er god kvalitet i opplæringa i fylket, men samtidig så vil det alltid vere områder vi kan bli betre på seier Flovikholm.  

Nytt mål om 85 prosent  

Same dag som tala vart publisert frå SSB, vedtok fylkestinget å auke målsettinga for gjennomføring i vidaregåande opplæring. Vedtaket kom i behandling av saka om fylkesstrategi for kvalitet i vidaregåande opplæring. Målet er no at over 85 prosent av dei som startar i vidaregåande opplæring, skal gjennomføre opplæringa med vitnemål eller med fag- eller sveinebrev, i løpet av fem/seks år.    

–Målsettinga til fylkestinget er ambisiøs, men samtidig veit vi kor viktig det er for framtida til ungdommen at dei gjennomfører vidaregåande opplæring. For industrifylket Møre og Romsdal er det spesielt viktig å utdanne fleire kvalifiserte fagarbeidarar. Det er derfor gledeleg at søkartala til yrkesfaga aukar. Gjennomføringstala viser at vi må fortsette å arbeide for å auke gjennomføringa i yrkesfaga seier Flovikholm.  

Kontakt