Startar berekraftsprosjekt med Ålesund, Sula, Hareid og Sunndal bibliotek

Prosjektet skal få biblioteka til å arbeide meir strategisk med berekraft og utvikle prosjekt for å nå berekraftsmåla. 

Skriv ut

Tysdag 30. august var det første samling i prosjektet «Bibliotek og berekraft i Møre og Romsdal», i lokala til Framtidslaben i Ålesund, med bibliotekarar og biblioteksjefar frå fire kommunar i møte med Anne Askeland og One Marthe Vik ved seksjon for arkiv, bibliotek og museum. Samarbeidspartnerane The North West og Framtidslaben var også representert.

På programmet stod mellom anna ei innføring i KPI-analyser som måler status for FN sine berekraftsmål i kommunane, ved Tom Rian frå Ålesund kommune. Det vart også gjennomført ein workshop for å kartlegge statusen i dei ulike kommunane i dag.

Fylkeskommunen har fått tilskot på 350 000 kroner frå Nasjonalbiblioteket til prosjektet. I løpet av prosjektperioden skal biblioteka utvikle eigne tiltak som skal bidra til å nå berekraftsmåla, og alle kan få inntil 100 000 kroner i støtte. Samtidig blir det faglege påfyll om bibliotek og berekraft, der alle biblioteka i fylket kan delta. På plakaten for hausten står for eksempel Bærekraftsbiblioteket, forskingsprosjektet Upscale og Miljøbiblioteket i Skien.

Snarvegar

Kontakt