Startar kantslåtten langs fylkesvegane: - Sjekk gjerda langs vegane
Møre og Romsdal fylkeskommune startar i slutten av mai kantslåtten langs fylkesvegane. Private gjerder som står for nære vegen kan skape utfordringar.
-Vi startar straks opp kantslåtten som skal gi betre sikt og tryggleik langs vegane. Skal vi få gjort denne jobben effektivt er vi avhengig av eit samarbeid med grunneigarar langs fylkesvegane. Gjerder langs vegen bør vere minst 3 meter frå vegkanten for ikkje å hindre arbeidet med kantslått, grøftereinsk og rydding. Dei bør òg vere i god stand, seier seksjonsleiar for vegdrift i Møre og Romsdal fylkeskommune, Torgeir Bye.
- Mange er flinke
I løpet av året gjennomfører fylkeskommunen to rundar med kantslått. Den eine frå mai og den andre startar i august. Det er ikkje berre med tanke på trafikktryggleik og at det skal vere fint langs vegane jobben blir gjort.
- Mange er flinke til å passe på gjerder og eigedomsgrenser. Vi skal slå vegkantane på 3200 km fylkesveg, og da hender det dessverre ganske ofte at entreprenørane våre blir hindra av gjerder som står for tett på vegen, at dei er montert rett på autovernet, at det ligg stålstrengar eller netting i grøfta som kjem inn i slåmaskina. Det viktigaste er at gjerda er minst 3 meter frå vegkanten og i god stand, seier Bye.
Tek vare på artsmangfaldet
Det er også eit viktig tiltak for å hindre spreiing av uønskte vekstar. Ved å slå tidleg og seint på sommaren tek ein òg vare på vekstar ein vil ta vare på.
Kantslått er helt nødvendig for å få vekk framande artar som tar livet av alt rundt seg. Om ein ikkje fjernar dei, vil vegkantane bestå av lupinar og hundekjeks eller skog om nokre år.
- Å bevare artsmangfald, insekt og naturmangfald er høgt prioritert. Vårt arbeid med å hindre framande artar, styrkar levevilkåra for naturlege norske arter og insekt som trivst i vegkantar og vegskråningar, seier Bye.
Medan arbeidet går føre seg kan det oppstå køar. Entreprenørane skal sleppe forbi trafikken når dei har moglegheit og unngå rushtid på dei mest trafikkerte vegane.
-Vi oppmodar trafikantane til å vise omsyn, vere tolmodige og ikkje ta sjansar med farlege forbikøyringar, seier Bye.