Stengde framdører på bussar i Molde frå laurdag 21. november
På grunn av smitteutbrotet i Molde, har verneombodet i Vy Buss vedtatt at framdørene blir stengt på bybussane i Molde (701, 702, 703, 705, 706) og linje 714 Hjelset-Kleive. Stenginga gjeld frå laurdag morgon, 21. november.
Så lenge framdørene er stengt, er det ikkje mogleg å kjøpe billett av sjåfør. Det blir heller ikkje mogleg å lese av mobilbillett eller reisekort på billettlesaren framme i bussen.
Vi ber dei reisande om å kjøpe billett på førehand i FRAM-appen eller med SMS. Merk at det ikkje er nødvendig å ha ein smarttelefon for å kjøpe billett med SMS. Du finn meir informasjon om korleis du kjøper billett på nettsida til FRAM.
Har du ikkje mobiltelefon, kan du kjøpe ein «koronabillett» på trafikkterminalen i Molde eller du kan kontakte FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00.
Det er framleis krav om gyldig billett for å reise med buss sjølv om framdørene er stengt.
Spørsmål om stenginga av framdørene rettast til Vy Buss lokalt.