Stiftelsen JoinUs får inkludering- og mangfaldprisen for 2022
Prisvinnaren gir eit gratis aktivitetstilbod til alle, uavhengig av bakgrunn og ferdigheiter og skaper ein flott inkluderingsarena. JoinUs vart stifta av tidlegare fotballspelarar Knut Olav Rindarøy og Marcus Andreasson, og frikøyrar på ski Asbjørn Eggebø Næss.
- Det er med stor glede at kultur-, næring-, og folkehelseutvalet tildeler inkludering- og mangfaldsprisen til Stiftelsen JoinUs. Utanforskap er eit stort og aukande samfunnsproblem, og økonomi er ei vanskeleg barriere for mange. JoinUs gir eit gratis aktivitetstilbod til unge vaksne og bidrar dermed til bryte ned det som kan vere ei barriere for deltaking. Organisasjonen er ung, men likevel ein verdig prisvinnar, fordi dei har sterkt fokus på at tilbodet deira er for alle unge vaksne, uansett kva bakgrunn og ferdigheiter ein har. JoinUs skapar slik ein svært viktig inkluderingsarena, seier leiar i kultur-, næring og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter.
JoinUs vart starta i 2021 av tidlegare fotballspelarar Knut Olav Rindarøy og Marcus Andreasson, og frikøyrar på ski Asbjørn Eggebø Næss. Organisasjonen har lågterskelaktivitet for unge i Molde, Aukra, Vestnes, Hustavika og Aukra. Aktiviteten er variert, både med fysiske og kreative aktivitetar, og alt er gratis.
Inkludering- og mangfaldsprisen vart delt ut for første gong i 2021, og prisen erstattar Likestillingsprisen. Prisen skal gå til ein person, gruppe av personar, bedrifter, institusjonar eller organisasjonar som bur i, eller har sterk tilknyting til fylket. Tidlegare prisvinnarar er Ekornes i 2022 og Håvard Johnsen i 2021.
Prismottakarar skal ha tatt initiativ til eller gjennomført tiltak som fremmer like moglegheiter, meir inkludering og mangfald i samfunns- og arbeidsliv for enkeltpersonar eller grupper uavhengig av kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, alder, etnisitet, språk og religion.