Stiller krav til politikarane om berekraftsplanen
Ungdom frå heile fylket skal gi innspel til korleis vi i Møre og Romsdal skal nå FN sine 17 berekraftsmål. Dei vil og stille konkrete krav til politikarane.
Det skjer når nærare 80 samfunnsengasjerte ungdommar neste helg deltar på Ungdommens fylkesting i Ålesund.
Ungdomspanelet (UP) vil gi ein statusrapport på korleis dei har jobba med ungdommens berekraftsplan, samt ei plan for det vidare arbeidet. Arbeidet er ei vidareføring av ungdommens miljøkrav og blei vedtatt på Ungdommens fylkesting i 2020.
Ungdomspanelet har tatt føre seg FNs 17 berekraftsmål og sett på kva ungdom i Møre og Romsdal kan gjere for å bli meir berekraftige. UP har og laga ei liste med krav til politikarane for å gjere fylket meir berekraftig. Blant krava er å oppmuntre til samkøyring, forbetre sanitærforholda på skolane og stille større krav til selskap om å være miljøvennlege og sikre grøn og berekraftig økonomisk vekst. Ungdommane meiner politikarane må ta ansvar og samarbeide der dei kan.
På programmet for Ungdommens fylkesting står dagsaktuelle saker som opptar ungdommane i Møre og Romsdal. Det blir også val av ny leiar og nestleiar til Ungdomspanelet.
Ungdommens fylkesting skal også i år dele ut prisen «Årets ungdomsråd» i Møre og Romsdal. Prisen skal gå til eit ungdomsråd som har utmerka seg ved å legge til rette for ungdommar gjennom medverknad, gode møteplassar, eit allsidig fritidstilbod, eller som har gjort ein særskild innsats for ungdom i kommunen. I år er fire kommunar nominert: Smøla, Hareid, Herøy og Averøy.
Årets tingsamling vil bli opna av fylkesordførar Tove-Lise Torve og ordførar Eva Vinje Aurdal i Ålesund kommune.