Større kunstutstilling i Oslo av kunstnarar frå fylket

- Vi planlegg å ta Oslo med storm, og vil synliggjere kunst og kunstnarar i Møre og Romsdal på den nasjonale kunstscenen. Møre og Romsdal har eit aktivt kunst og kulturliv, noko som ikkje er spegla i den nasjonale offentligheita. Dette har vi tenkt å gjere noko med, seier leiar i Kultur- og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter

Skriv ut

Som ein del av ei større og fleirårig satsing innan utvikling av kunstfelta i fylket, har Møre og Romsdal fylkeskommune initiert eit samarbeidsprosjekt med Møre og Romsdal kunstsenter om å gjennomføre ein større kunstutstilling innan visuell kunst i Oslo.

–Møre og Romsdal fylkeskommune vedtok «Kunstpolitikk for Møre og Romsdal» i 2018, og tiltaket er eit ledd i dette arbeidet. Vi har jobba systematisk over fleire år, og har blant anna lukkast med å doble kunstnarstipendet i fylket dei siste 4 åra. Vi fortsett å gripe fatt i kunnskapsgrunnlaget som føreligg og legg ei plan for å løfte frem kunstscenen i fylket dei kommande åra, seier fylkeskultursjef HeidiIren Wedlog Olsen.

Talet på profesjonelle visuelle kunstarar er lavt i fylket. Av søknadar og tildelingar frå Norsk Kulturråd, vart ingen av dei 93 arbeidsstipenda som vart delt ut i 2018 tildelt nokon av dei visuelle kunstnarane i fylket. I 2019 fekk to personar arbeidsstipend, men talet er fortsatt svært lavt.

–Vi ser at det er behov for å stimulere den kunstnariske aktiviteten i Møre og Romsdal, slik at det er mogleg å leve av og arbeide som kunstnar i fylket. Vi som politikarar har eit særleg ansvar for å leggje til rette for at fleire kunstnarar ønskjer å bo i Møre og Romsdal. Dette bidreg til større fagmiljø og økt aktivitet, eit godt grunnlag for å skape ei positiv utvikling over tid, seier Nerås Krogsæter

Utstilling Oslo 2021 handlar om å gjere kunstscena i Møre og Romsdal synleg i det nasjonale kusntdiskursen gjennom eit utstillingsprosjekt. Visningspunktet er tenkt lagt til våren/ forsommaren 2021 og vil vare i 1 månad. Prosjektet har fokus på kunstnarar frå Møre og Romsdal, både dei som er busett i fylket og dei som bur utanfor Møre og Romsdal. Prosjektet har søkjelys på den visuelle kunstscenen i Møre og Romsdal. Samtidig er det eit ønskje i prosjektet å etablere ein arena og dialog mellom fleire kunstartar, eksempelvis forfattarar og musikarar.

Prosjektet er avhengig av eit høgt fagleg nivå, samt at det blir forankra i det regionale kunstfeltet. Møre og Romsdal kunstsenter er eit kunstnarstyrt regionalt kunstsenter som har den faglege kompetansen til å ha det overordna kunstarlege ansvaret for ei slik utstilling.

–Kultur og folkehelseutvalet handsama saka i møte den 4. september, og det vart løyvd 700 000 til gjennomføring av utstillinga. I tillegg er det lagt opp til at prosjektet løyser ut nasjonale midlar på omlag 200 000 kroner. Vi ventar med spenning til å sjå resultatet i 2021 avsluttar Nerås Krogsæter.

Kontaktperson:
Marit Nerås Krogsæter, mob. 918 32 844

Kontakt