Støttar prosjekt som kan produsere dyrefôr av tre

I Surnadal vil utviklingsselskapet Innveno finne ut om produksjon av protein frå trevirke kan bli lokal industri. No får dei tilskot frå Kultur-, næring- og folkehelseutvalet.  

Skriv ut

30. november gjorde utvalet vedtak om å gi tilskot på nær 250.000 kr til Innveno AS for prosjektet More Greenwood.  

Innveno AS er eit utviklingsselskap for gründerar, industri og næringsliv i Surnadal, og i dette prosjektet skal dei undersøke om det er potensial for å produsere protein med utgangspunkt i lokalt trevirke. Med ny prosessteknologi skal cellulose i tre brytast ned til sukker, som deretter er næring for sopp, og det er soppen som til slutt blir foredla til protein. Dette proteinet kan brukast i dyrefôr, og vil kunne erstatte bruk av importert soya.

Lokal verdiskaping 

Prosjektet skal mellom anna utforme teknisk løysing for eit pilotanlegg i Surnadal. I den politiske saka står det at dersom prosjektet lukkast, ‘har vi eit råstoff i skogen som veks år for år, produksjon og prosessering kan gje lokale arbeidsplassar og sluttproduktet fyller eit stort og veksande behov hos andre viktige næringar i regionen.’  Prosjektet vil kunne vere særleg viktig for oppdrettsnæringa, som treng nye og berekraftige proteinkjelder 

Kontakt